KJERSTI MJØR

kjersti.mjor@bt.no

Stadig fleire for tidleg fødde, alvorleg sjuke nyfødde og barn med misdanningar overlever. Kompetansen innan diagnostikk og behandling er blitt langt betre dei siste tiåra, og barn som tidlegare ikkje ville vore levedyktige, får no eit aktivt behandlingstilbod.

Men det finst unntak. Barnet kan vere så sjukt at det likevel kjem til å døy. Eller den nyfødde har så store skader at det ikkje er rett å halde fram med behandling av omsyn til både barn og foreldre.

I slike tilfelle blir vanlegvis respiratoren kopla frå. Ei studie frå St. Olavs Hospital i Trondheim viser at 65 prosent av dødsfalla på kuvøseavdelinga i perioden 1990-99 skuldast avslutning av behandling. Av desse utgjer for tidleg fødde (premature) den største gruppa med heile 74 prosent. Ekstremt premature dominerer, det vil seie barn fødde før 28 veker.

Den nest største gruppa er spedbarn med misdanningar, viser forskingsarbeidet som blir presentert i siste nummer av Tidsskrift for Den norske lægeforening.

— Ofte er det best for barnet å avslutte behandlinga, seier turnuslege Line Syvertsen, som har utført studien ved NTNU.

— Mange på kuvøseavdelinga har så dårlege prognoser for å overleve at respiratoren blir ei slags forlenging av dødsprosessen. Å halde fram med behandling blir det same som å utsetje ei vanskeleg avgjerd til seinare.

Kvart barn blir vurdert individuelt ut frå eigen prognose og situasjon, ikkje etter prinsipielle vedtak om kva pasientar som skal vurderast som levedyktige.

— Dette er i tråd med den norske tradisjonen. Aktiv dødshjelp er ikkje lovleg, og haldninga blant legane er at ein skal prøve i det lengste, sjølv når alt verkar håplaust, seier Syvertsen.

— Men dette er ein pågåande debatt blant barnelegar, og det har vore diskutert å opprette kliniske etikkomitéar, som skal vurdere kvart enkelt tilfelle.

Studien viser at foreldre stort sett er samde i avgjerda.

— Behandling bør berre avsluttast i samråd med foreldra, sjølv om ansvaret ligg full og heilt hos helsepersonellet.