— Ein gong var Toftestallen eit utstillingsvindauge for norsk bølgjekraftforsking. No er det motsett: Restane er eit blitt eit utstillingsvindauge for motstandarane, seier professor emeritus Johannes Falnes ved NTNU.

— Anlegga i Øygarden har vore fine å peike på for krefter som ikkje er interesserte i at forsking på fornybare energiressursar skal nå fram, seier Falnes. Han har forska på bølgjekraft i over tretti år.

«Berre tull»

Norsk bølgjekraftforsking nådde toppen på 1980-talet. Utover 1990-åra begynte nedturen, og det vart vanskeleg å få støtte. Særleg erfaringane frå Toftestallen gav bølgjekraft eit dårleg namn.

— Prøveanlegga ville finne ut kor store energimengder bølgjer produserer, men ikkje alle var like glade for det. Etter at Toftestallen gjekk ut av drift, kunne motstandarane vise til anlegget og hevde at «bølgjekraft er berre tull», seier Falnes.

— Mi tolking er at visse interesser har hatt lite interesse av å byggje opp igjen anlegget, men tvert om ønskjer at det skal bli liggjande slik.

Aha-oppleving

Falnes vil ikkje utdjupe kven han siktar til, men viser blant anna til boka «Power From the Waves» av David Ross, som dokumenterer korleis kraftlobbyen i Storbritannia hindra forskingsstøtte til fornybare energikjelder.

— Eg fekk ei aha-oppleving, då eg las boka, seier Falnes til BT.

Noreg var ein gong eit pionerland innan bølgjekraftforsking. No har Portugal, Japan, Kina, India og Skottland overtatt, og ifølgje Falnes er interessa for bølgjekraft veksande.

— Trur du vi vil få nye bølgjekraftverk på Vestlandet i framtida?

— Ja, men det vil ta tid å utvikle nye anlegg. Blant anna veit vi at Fred. Olsen har planar på vestsida av Karmøy.