• KONKURS: Det eine forsøksanlegget var utvikla av selskapet NorWave Technology i Oslo, som blant anna fekk over 18 millionar kroner frå Olje- og energidepartementet fram til 1991. Selskapet gjekk konkurs same år. Saka vart politietterforska.

- Nyttige ruinar for motstandarane

Professor emeritus Johannes Falnes meiner at ruinane på Toftestallen har vore nyttige for motstandarar av alternative energiformer.

Les også:

- Ein gong var Toftestallen eit utstillingsvindauge for norsk bølgjekraftforsking. No er det motsett: Restane er eit blitt eit utstillingsvindauge for motstandarane, seier professor emeritus Johannes Falnes ved NTNU.

- Anlegga i Øygarden har vore fine å peike på for krefter som ikkje er interesserte i at forsking på fornybare energiressursar skal nå fram, seier Falnes. Han har forska på bølgjekraft i over tretti år.

«Berre tull»
Norsk bølgjekraftforsking nådde toppen på 1980-talet. Utover 1990-åra begynte nedturen, og det vart vanskeleg å få støtte. Særleg erfaringane frå Toftestallen gav bølgjekraft eit dårleg namn.

- Prøveanlegga ville finne ut kor store energimengder bølgjer produserer, men ikkje alle var like glade for det. Etter at Toftestallen gjekk ut av drift, kunne motstandarane vise til anlegget og hevde at «bølgjekraft er berre tull», seier Falnes.

- Mi tolking er at visse interesser har hatt lite interesse av å byggje opp igjen anlegget, men tvert om ønskjer at det skal bli liggjande slik.

Aha-oppleving
Falnes vil ikkje utdjupe kven han siktar til, men viser blant anna til boka «Power From the Waves» av David Ross, som dokumenterer korleis kraftlobbyen i Storbritannia hindra forskingsstøtte til fornybare energikjelder.

- Eg fekk ei aha-oppleving, då eg las boka, seier Falnes til BT.

Noreg var ein gong eit pionerland innan bølgjekraftforsking. No har Portugal, Japan, Kina, India og Skottland overtatt, og ifølgje Falnes er interessa for bølgjekraft veksande.

- Trur du vi vil få nye bølgjekraftverk på Vestlandet i framtida?

- Ja, men det vil ta tid å utvikle nye anlegg. Blant anna veit vi at Fred. Olsen har planar på vestsida av Karmøy.

Les også

Siste fra Lokalt

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Denne kan vere ein kraftrevolusjon

Det meiner to pensjonistar på Stord, som har pønska ut løysinga.

«I kveld kan det bli
vanskelig å sove»

På Ostereidet barneskule mistet en elev sin stefar denne uken. - Når verden ramler i hop, må skolen vise omsorg.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger