Venstres Borghild Tenden, nestleiar i transportkomiteen på Stortinget, har ikkje stor tru på at det kan sikrast fleirtal for å få innkorting av Bergensbana fram i fyrste perioden av Nasjonal Transportplan.

– Eg trur regjeringa knyter stor prestisje til å få vedteke NTP slik forslaget vart lagt fram i mars. Dermed vil heller ikkje SV bryta ut og sikra fleirtal for å flytta fram Bergensbana, sjølv om partiet ønskjer det, seier Borghild Tenden til BT.

Vedtek 4 timar reisetid Tenden deltok tysdag på årsmøtet i Forum nye Bergensbanen, som vart halde i fylkeshuset i Bergen. FnB er ei samanslutning av kommunar og fylkeskommunar langs Bergensbana frå Bergen i vest til og med Bærum i aust. Hovudføremålet er å betra jernbanesambandet mellom aust og vest ved å korta reisetida. Det meste av arbeidet har konsentrert seg om Ringeriksbana, som vil korta togtida mellom Bergen og Oslo med nesten ein time.

Venstre har fullt ut adoptert programmet til Forum nye Bergensbana. På landsmøtet no i helga vil partiet venteleg ta opp i valprogrammet sitt ei innkorting frå 6,5 timar til 4 timar innan 2020.

Forslag i Stortinget Borghild Tenden lovar også at Venstre vil setja fram forslag i Stortinget om løyving til planlegging av Ringeriksbana frå fyrste året i den nye NTP, altså frå 2010.

Regjeringa sitt forslag er 577 millionar kroner til planlegging av Ringeriksbana frå 2014.

Leiaren i Forum nye Bergensbana, Torleif Dalseide, som er ordførar i Ål (frå Venstre) spurde regiondirektør i Jernbaneverket, Lars Christian Stendal, om dette ville bety at ingen ting vart gjort med Ringeriksbana dei komande fire-fem åra.

Stendal stadfesta dette, og sa at dei sterke føringane frå regjeringa ville bety at Jernbaneverket ikkje på nokon måte kunne prioritera arbeid med Ringeriksbana i fyrste planperiode.

Trur på fleirtal Konklusjonen til FnB er at regjeringa sitt forslag til NTP betyr anleggsstart for Ringeriksbana i beste fall om ti år.

– Eg har tru på at vi vil få dei andre borgarlege partia med på å flytta fram Ringeriksbana til 2010 etter valet i haust. SV går og med på det, dersom partiet står fritt, seier Borghild Tenden.

Vil du nytta toget oftare viss turen til Oslo tek fire timar? Si meininga di!

LOVAR PRESS: Borghild Tenden, som representerer Akershus Venstre på Stortinget, lovar at partiet vil arbeida hardt for å få dei andre borgarlege partia og SV med på ei storsatsing for kortare Bergensbane.
John Lindebotten