— Eg såg for meg litt grå hus, kanskje eitt og anna slott i skråningane, der folk sat og skreiv dyster musikk om å brenne ned kyrkjer. Eg visste at «Greven» var herifrå. Det var i grunnen det eg visste. Så fekk eg ein kassett der nokon leste dikt på bergensk, seier Karin Park.

På Platekompaniet står platene hennar under «svenske» artistar. Ho syng på engelsk. Men Karin Park har budd i Bergen i ti år, er bergensartist, snakkar bergensk og lengtar tilbake når ho er borte.

Ho er bergensar no, men likevel ikkje.

Steinar Thorsen, teatersjef, skodespelar, med meir, sit ved same kafébord i byen mellom sju fjell og nikkar forståande. Og ristar vantru på hovudet etter kvart som erkjenninga etablerer seg:

  • Eg har budd her i 17 år. Det er ... sjukt.

Men for Thorsen er det ikkje lenger tvil. Han er bergensar. Ekte bergensar.

Les og: Eg er ein bergensar

Heime, borte, uavgjort

Dei har sine grunnar, begge to. Men først kan det vere på sin plass å minne om at Karin Park vaks opp i den vesle bygda Djura i Dalarna og Steinar Thorsen i Tønsberg (ein by som faktisk er eldre enn Bergen). Begge har tatt sine omvegar, begge er profilar i det bergenske kulturlivet, og begge har på sine tidspunkt vurdert å flytte frå byen.

— Eg tenkjer ikkje på meg sjølv som ein person som bur ein stad i ti år, seier Park.

Ho stakk til Stockholm då ho var femten, og innimellom var ho fleire år i Japan.

— Eg har lett for å trekkje opp røtene. Eg trivst også godt med å stå på sidelinja og ser ikkje på meg sjølv som bergensar, seier Park, men seier samstundes:

— Når eg reiser til Djura, seier eg at eg skal heim. Når eg skal tilbake til Bergen, seier eg at eg skal heim, då også.

Thorsen nikkar igjen.

  • I Noreg seier vi alltid at vi skal «heim» til den staden der vi vaks opp. Men no reiser eg på ferie til Tønsberg i juli og kjem heim til Bergen i august.

Høglydt lyttande

For 17 år sidan stod valet mellom Tromsø og Bergen. Han var ferdig med byen som ingen forlet før han får merker av den. Han eliminerte Trondheim, og ei dragning mot Bergen, som han hadde hatt heilt sidan barndommen, påverka fluktplanane.

  • Eg likte meg dårleg i Oslo og ville kome meg bort. Av ein aller annan grunn har eg halde med Brann heilt sidan eg var liten, og Eik-Tønsberg, sjølvsagt, men dei gjekk det jo dårleg med. Og eg hadde lest Varg Veums skildringar av Bergen. Eg trur kanskje det var det siste som gjorde utslaget.

Thorsen markerte seg raskt i studentmiljøet ved universitet i Bergen i ein slett ikkje ubergensk stil.

— I Bergen blir ein ikkje sett på som ein tulling sjølv om ein er litt pratsam. Det er ein bra ting med Bergen. I tillegg til nordlendingane, er bergensarar dei som er lettast å kome i snakk med i Noreg, seier Thorsen.

No nikkar Park.

— Det er det beste med Bergen; bergensarane er høglydte og engasjerte - samstundes som dei lyttar.

Sakramenta

For begge har kjærleiken til byen resultert i ei karriere: Park som songar og popartist og ein av pionerane i den musikalske bergensbølgja. Thorsen som fri teatermann, skodespelar, manusforfattar, og teatersjef.

— Folk gler seg over suksessen til andre her. I Oslo er det veldig mange albogar, seier Thorsen.

  • Det er lettare å få ting til her, kanskje fordi byen er liten. Ein kan vere litt latare i Bergen, seier Park.

Men medaljen, som bergensarane elskar å pusse på, har naturlegvis ei bakside.

— Det kan bli litt snevert. Folk er så utruleg stolte over alle arrangement fordi dei foregår her og ein snakkar gjerne eit kvarter om akkurat det før ein kjem i gang. Men det er jo sjølvsagt at det som skjer her skjer her, seier Park.

Thorsen har erfart at han ikkje treng å tukle med sakramenta for å få lovnader om bank på byen. Det var nok å påstå at Sundt-nissane som dansar i butikkvindauga før jul ikkje held høgt kunstnarisk nivå.

Denne songen

På nokre måtar, meiner vestfoldingen, er Bergen ein småby med småbykompleks.

  • Når ein blir så stolt at det tippar over i snever lokalpatriotisme, oppstår ein veldig buffer mot alle andre. Av og til tar bergenstradisjonane overhand, seier Thorsen, og så tuklar han med sakramenta.
  • Eg er lei av å måtte stå og synge denne songen på alskens arrangement. «Nystemten» er stygg, dum og latterleg. «Nystemten» er til og med skriven av ein trønder og ikkje akkurat som ein hyllest til Bergen.

Karin Park:

  • Lat dei no ha denne jævla bergenssongen dersom det er det det står på. Så lenge ein ikkje blir framandfiendtleg, er det kult for meg.

Park har aldri opplevd Bergen som ekskluderande.

  • Eg har tvert imot blitt overraska over kor godt motteken eg har blitt i mange samanhengar. Det at folk er så stolte, gjer at ein ikkje kan stille seg likegyldig til kvifor ein er her.

Sjølv var ho alt anna enn likegyldig. Ho lytta til kassetten med dikt på bergensk kvar kveld, fordi det var så vakkert. Så besøkte ho ein kjenning i byen og trekte ein rask konklusjon: - Her vil eg bu!

Hat, elsk

Thorsen kastar ut ei slags forklaring på korleis ein austlending kan kome til å kjenne seg som bergensar.

— Når du byrjar å forstå, og til og med like, dei tinga du tidlegare hata og absolutt ikkje forstod - då er du bergensar. For eksempel tok det meg lang tid å like buekorps. Det var «et hælvete» i mange år. Men no har eg lært å setje pris på tradisjonen i seg sjølv. Når ein har kome til denne erkjenninga, då er ein bergensar.

Det gjekk så langt for Thorsen at han tok på seg ansvar under buekorps-jubileum på Den Nationale Scene. Etter framsyninga fekk han ein sms frå nestleiaren i 17. mai-komiteen.

Thorsen ser stolt ut der ved kafebordet.

— I den stod det: «Eg har visst lenge at du er bergensar. No er du ekte kjuagutt også!».

SMS-en teikna lenge til å bli ein fin punchline på dette intervjuet med Park og Thorsen, men slik skulle det ikkje bli:

  • Folk, seier Karin Park, må få like buekorps, men eg treng ikkje like dei. Eg føler for å kaste stein på dei når eg ser dei. Det synest eg må vere min rett som svensk.

Kva betyr det å være bergenser? Og meiner du at «Nystemten» er stygg, dum og latterleg? Sei di meining her!

RUNE SÆVIG