• DYRT LAND: Bergenfest-general Frank Nes meiner norske konsertbillettar er dyre nok. FOTO: Håkon Eikesdal (arkiv)

- Ny lov gjer konsertar dyrare

- Konsekvensen kan bli at Norge går glipp av gode arrangement, meiner Frank Nes.

Les også:

Bergenfest-sjef Frank Nes er ein av fleire som er bekymra for konsekvensane av ny lov om vaktverksemd.

Den nye lova skal gjere det vanskelegare å bruke ufaglærte vakter på alle typar arrangement. Det vil seie at Nes ikkje lenger kan nytte seg av vakter som ikkje kjem frå profesjonelle vaktselskap. Det kan bli dyrt.

- Grensa nådd for billettpris
- Det som skjer er at det blir mykje dyrare å arrangere store konsertar fordi eg må betale meir til vaktselskapa. Det vil til slutt gå ut over billettprisen, og i neste omgang tilbodet. Det vil vere alvorleg for norske konsertforhold, seier Frank Nes.

- Sviktar publikum fordi billettprisane er for høge vil heller ikkje artistane komme tilbake. Norge er dyrt, og ein stad går det ei grense for kva folk er villige til å betale. Konsekvensen kan bli at Noreg går glipp av gode arrangement.

Nes har likevel tru på at myndigheitene vil tilpasse lova til kulturarrangørar.

- Dei er innforståtte med kor alvorleg lova kan slå ut for oss.

Dette er det godkjente lovforslaget.

Det er jo ein grunn til at vektar-jobben blir rekna som eit eige yrke
Knut Fosli, Justis- og politidepartementet

Kompetanse viktig
Hos Justis- og politidepartementet fortel avdelingsdirektør Knut Fosli at det er for tidleg å seie korleis den endelege lova blir formulert. Dette skal vere klart til sommaren, så forskriftene skal ut på høyring. Lova skal tre i kraft i 2011.

- Vi veit at politiet kjem til å stille strengare krav, men dei kjem ikkje til å vere urimelege, seier Fosli.

Ein av grunnane til lovendringa er ifølgje Fosli at det er for mange døme på at vakter bruker meir vald enn nødvendig i dag.

- Særleg på konsertar der det ofte er fulle folk er det viktig at vaktene har kompetanse til å takle situasjonane på riktig måte. Det er jo ein grunn til at vektar-jobben blir rekna som eit eige yrke. Det bør vi respektere, seier Fosli.

<a href="http://www.regjeringen.no/pages/2168199/PDFS/OTP200820090049000DDDPDFS.pdf"> </a>

- Erfaring like viktig
Av alle som var stod vakter under fjorårets Bruce Springsteen-konsert var om lag 50 prosent profesjonelle vakter. Desse hadde nøkkelroller og ansvar for å organiserte resten. Det fungerer, meiner Frank Nes.

- Det speler inga rolle kva du kallar det; dugnad eller profesjonelt vakthald, det viktigaste er at dei som står vakt veit kva dei driv med, meiner Nes.

Trond Monsen i Travparken Servering er einig.

- Erfaring er like viktig som papir. Det er bra at det blir stilt krav om utdanning, men det er viktig at den nye lova framleis tillet at vakter utan papir kan jobbe saman med dei, seier Monsen.

Eg male ikkje fanden på veggen endå
Frank Nes, Bergenfest-sjef

Ikkje dyrare Bergenfest
Det er Norsk Rockforbund som representerer Bergenfest overfor myndigheitene. Forbundet jobbar aktivt med å påverke Justis- og polititdepartementet i arbeidet med lovforskriftene. Forbundet skriv på sine nettsider at dei meiner det er positivt med betre kontroll på vaktbransjen, men at mange av deira medlem meiner det er like viktig å ha vakter som kjenner deira profil.

Frank Nes garanterer at billettane til Bergenfest i alle fall ikkje blir dyrare til årets festival. Han trur det same gjeld for neste år.

- Forhåpentlig blir lova tilpassa vår situasjon, eg male ikkje fanden på veggen endå, seier Frank Nes.

Er du villig til å betale meir for konsertar viss vakthaldet blir meir profesjonelt? Diskuter saka !

Les også

Siste fra Lokalt

Båt havarerte ved kai i Sandviken

Brannvesenet legger ut lenser for å stoppe diesellekkasje fra båten «Victoria Regina» i Elsesro i Bergen.

Forbyr salg av barnegrøt

Barnegrøten kan være helseskadelig.

- Ulykkene preger folk her ute

To dødsulykker på kort tid i Lindås. Rusede sjåfører skal ha utløst begge - og selv overlevd sammenstøtene.

Planla flukt med småfly til Serbia

På Youtube hadde han lært å fly småfly. Med det kunne han komme seg til Serbia. Slik planla Anders Behring Breivik flukten.

Krever 90 millioner for omstridt hus

Etter å ha leid ut ulovlig i flere år, kan Thomas Jellestad Jensen tjene flere titalls millioner kroner på eiendommen.

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

  • Lov om vaktverksemd regulerer i dag kun «ervervsmessig» vaktverksemd. Den nye lova skal òg gjelde såkalla eigenvakthald. Det betyr i praksis at krav om utdanning hos vakter skal gjelde også ved ikkje-kommersielle oppdrag, til dømes kultur- og studentarrangement.
  • Bakgrunnen for lova er krav om skjerpa kontroll over vektarbransjen.
  • Den nye lova vart godkjent i statsråd 27. mars 2009. Skal tre i kraft 1.1.2011.
  • Justis- og politidepartementet har no har ansvaret for fullføre dei endelege forskriftene til lova. Desse skal ut på høyring til sommaren.
  • Eit av momenta i forskriftene som kan bli viktig er skiljet mellom «service» og «kontroll». Korleis «service» blir definert kan avgjere om vakter utan utdanning til dømes kan utføre ordensvakttenester.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger