På møtet i Rosendal i føremiddag viser fleirtalet til at 6 av 7 kommunar i Nordhordland, med 80 prosent av innbyggjarane, har sagt ja til Nordhordlandspakken og til delvis bompengebetaling.

Fleirtalet var Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti. Desse partie er dermed usamde med regionvegsjefen og fylkesrådmannnen, som meiner at manglande oppslutnad i Nordhordland (altså nei frå Meland kommune) gjev grunnlag for å senda bompengesøknaden attende.

Vil ha ny søknad i vinter

No vedtok fleirtalet likevel å returnera bompengesøknaden. Men det er på grunn av nytteprinsippet. Både regionvegsjefen og fylkesrådmannen meiner at berre ein bomstasjon, på Nordhordlandsbrua, ikkje oppfyller nytteprinsippet når nær halvparten av pengane i Nordhordlandspakken fase 1 skal brukast på Radøy.

Dette må regionrådet og kommunane i Nordhordland arbeida vidare med, og samferdsleutvalet legg til grunn av ny og revidert bompengesøknad kjem inn til fylket ein gong til vinteren.

Møte med Vegdirektoratet

Leiaren i regionrådet, Masfjord-ordførar Håkon Matre, H, seier til BT at rådet vil be Vegdirektoratet om eit møte for å drøfta denne saka. Matre legg vekt på at Statens vegvesen ikkje beint ut har sagt at ein bomstasjon er for lite, men at dei stiller spørsmålet.

Då Regionrådet for Nordhordland førebudde denne saka for handsaming i kommunane, gjekk styret i rådet inn for to bomstasjonar (nr. 2 på grensa Lindås/Radøy). Representantskapet i rådet strauk deretter denne bomstasjonen, slik at berre Nordhordlandsbrua stod att. Og det var dette fleirtalet av kommunane vedtok, unnateke Fedje, som heldt seg til styret si tilråding.

Neste steg i handsaminga av denne saka er i fylkesutvalet, torsdag 20. september. Fylkestinget gjer endeleg vedtak midt i oktober.