Brevet frå fylkeslegen i Sogn og Fjordane til Helsetilsynet i Oslo er kraftig kost for den svenskfødde kommunelegen, som har vore fastlege i Jølster sidan 2003. Fylkeslege Petter Øgar i Sogn og Fjordane sender no sin knusande konklusjon over til Helsetilsynet sentralt.

Knappe 14 dagar er gått sidan Jølster kommune beslutta å sparke Nordfors frå stillinga som kommunelege, etter klager frå både pasientar og øvrige tilsette i kommunen. Nordfors svara med å bebude rettsak og erstatningskrav.

Ni pasientar

No er det Fylkeslege Petter Øgar som har vurdert legen. Han har behandla klager frå i alt ni pasientar, der dei fleste klagene har tilknyting til Nordfors' hyppige bruk av analmassasje som behandlingsform.

I si vurdering meiner fylkeslegen at det er tilstrekkeleg godtgjort at Nordfors overfor fleire av klagarane har handla fagleg uforsvarleg, men på same tid påpeikar fylkeslegen at kontoret hans ikkje har tilstrekkeleg spesialisert fagkompetanse når det gjeld diagnostikk og behandlingsmetode ved såkalla piriformissyndrom.

Det er nettopp bekkenmuskelen piriformis Nordfors har meint låg bak problema til mange av desse pasientane, og som han har massert via endetarmen.

— Vi overlet til Helsetilsynet sentralt å ta stlling til om det trengst ytterlegare sakkunnige vurderingar, skriv Øgar i brevet.

Likevel er Øgar altså krystallklar på at Nordfors har handla fagleg uforsvarleg som lege.

Ubehageleg, støtande, nedverdigande

I brevet oppsummerer Øgar det slik:

Nordfors har ved fleire høve ikkje oppfyllt krava til informasjon og samtykke rundt behandlingsforma.

Nordfors har ved fleire høve opptredd på ein måte som pasientane har oppfatta som høgst ubehageleg, støtande og/eller nedverdigande.

Nordfors har utført diagnostikk og behandling på måtar som ikkje kan seiast å vere fagleg forsvarleg.

Nordfors har ei framferd som er eller kan vere belastande for pasientane, og at han trasss tilbakemeldingar frå pasientar, arbeidsgjevarar og det svenske tilsynsorganet har synt manglande evne eller vilje til å korrigere åtferda si. Dette ser vi (Helsetilsynet i Sogn og Fjordane, red. merkn.) svært alvorleg på.

- Personkarakteristikk

Fylkeslegen peikar spesielt på at undersøking via endetarmen for mange pasientar er ein kjenslemssig sårbar situasjon. Det gjer at informasjon og samtykke er særleg viktig før slik undersøking, heiter det i brevet.

— Helsetilsynet i Sogn og Fjordane meiner det er sannsynleggjort at Nordfors har eit åtferdsproblem, skriv Øgar.

Advokat Vegard Austgulen representerer doktor Nordfors i desse sakene, og meiner at Helsetilsynet i Sogn og Fjordane går langt over streken i denne saka.

— Ein sakkunnig debatt rundt Nordfors' arbeid er heilt legitim når det kjem klager. Men her går jo fylkeslegen langt inn i personkarakteristikken, seier Austgulen, og siktar spesielt til utsegna om at Nordfors har eit åtferdsproblem.

— For meg er det heilt nytt at Helsetilsynet kan tillate seg å fargelegge folk på denne måten. Dette er eit klart slag under beltet, og tar saka ned på eit nivå der den ikkje høyrer heime. Utfrå dette er eg faktisk glad for at saka no blir brakt inn for det sentrale Helsetilsynet i Oslo.

Jan Mikael Nordfors. FOTO: PER MARIFJÆREN