• Nokon måtte ta ansvaret for det som skjedde, seier mjølkebonde Åse-Marie Reisæter frå Ullensvang. Småbrukaren er kritisk til det Tine har gjort, men fryktar framtida om storkapitalen klarar å øydeleggje for Tine.

I går og i dag er utsendingar til Bonde— og Småbrukarlaget i Hordaland og Sogn og Fjordane samla i Bergen. Dei vi tala med var oppgitt over det Tine har gjort i denne saka, men var meir oppteken av kven som har sett i gang saka og kvifor.

Den gjengse oppfatninga er at saka er planta for å få media vekk frå avsløringane om grådige daglegvarekjeder som tek betalt for god hylleplass.

— Vi trur jo at denne saka er leke for å få fokus over på Tine, og så har alle som er motstandarar av landbrukssamvirket kasta seg på, seier Åse-Marie Reisæter.

Ho driv eit småbruk med 25 sauer og 6 kyr på Nå, ovanfor Sørfjorden midt mellom Utne og Odda. Mjølka leverer ho til Tine, og ho fryktar framtida viss det bondeeigde selskapet skulle forsvinne.

— For alle gardsbruk, likeins kor store dei er, kjem Tine og hentar mjølka. Det gjer ikkje Q-meieria. Dei plasserer seg i nærleiken av dei største gardane og nær marknaden, seier ho.

Likevel er ho kritisk til at Tine har bydd pengar for å bli kvitt konkurrenten Synnøve Finden i ICA-kjeda.

— Det kan ikkje unnskyldast på nokon måte. Vi trengde ikkje dette her, men viss dei lykkast i å råke Tine og samvirket vil det kunne få store konsekvensar, seier ho.