• No må vi snart ta ei avgjerd. Vi kan ikkje vente i seksten nye år på å bli ferdige med denne saka, meiner Stein Byrkjeland på Fylkesmannen si miljøvernavdeling.

Han er den fjerde saksbehandlaren som har arbeidd med kårhus-saka i Berge landskapsvernområde sidan 1986, og overtok stafettpinnen i oktober i fjor.

— Grunneigaren har rett på eit kårhus, og etterkvart også krav om ei endeleg avgjerd. Vi pliktar å finne ei eigna lokalisering, slik at vi kan fortsetje å jobbe vidare med det som er vel så viktig.

Då siktar Byrkjeland til dei verneverdige bygningane, den restaurerte oppgangssaga og dei fleire hundre år gamle eike-stuvene i området.

— Dette kulturlandskapet krev aktiv og jamnleg skjøtsel. Skjer ikkje dette snart, er det ikkje meir igjen å verne om 20-30 år. Vi er avhengige av eit godt samarbeid med grunneigar for å få dette til, og eit vilkår for dispensasjonen er at han tek på seg noko av skjøtselen.

— Forstår de kritikken frå Naturvernforbundet? - Det er ikkje problem for oss å forstå at dette er ei veldig spesiell sak, men den har ei lang og komplisert forhistorie. Dei som kjenner alle fasettane, skjønar betre kvifor vi handlar som vi gjer. No hastar det med å kome vidare

— Men dette gjeld eit verna område? – Eit landskapsvernområde krev aktiv skjøtsel. Kjem vi ikkje i gang med den utfordringa, er det snart ikkje noko att å verne, seier Byrkjeland til BT. Han avviser også kritikken frå ordføraren i Kvam. – Vi vurderer to ulike lovverk: Politikarane jordlova, vi naturvernlova. Kva rekkjefølgje det skjer i, er likegyldig. Det er ingen fast praksis på dette området.