Dette vart klart etter eit møte mellom samferdsleminister Skogsholm, Venstre-leiar og landbruksminister Lars Sponheim, stortingsrepresentant May Britt Vihovde og byråd Hans Carl Tveit i Oslo i går.

— Nå kjem bybanen i Bergen, seier Sponheim til Bergens Tidende.

Riksvegmidlar

Slik skisserer Skogsholm, overfor Bergens Tidende, det opplegget ho nå går inn for:

— Bergen vil få riksvegmidlar frå staten til bygging av banen. Bybanen vil inngå som ein del av Bergens-programmet, og det blir statsmidlar dels til bybanen, dels til ringveg vest. Bergen vil på si side få ansvaret for den framtidige drifta av banen.

Skogsholm seier at ho med den sterke støtta ho har frå Sponheim, reknar med å få fullt gjennomslag for dette opplegget i Regjeringa.

Dei to statsrådane seier at dei går inn for at prøveperioden med støtte til kollektivsatsing i Bergen, blir gjort til ei permanent ordning. Dei legg vekt på at Bergen har vist vilje til å satse på kollektivtransport. Dette har også gjeve seg utslag i auka tildeling til Bergen av «påskjøningsmidlar» til kollektivsatsing.

Avfeiar Vegdirektoratet

Dermed feiar samferdsleministeren innvendingane frå Vegdirektoratet, som har gått mot bruk av riksvegmidlar til bybane, til sides.

Ideen med ei slik pengeoverføring er å overføre trafikk frå veg til bane, av miljøomsyn.

Oslo har for sin del fått riksvegmidlar både til bygging av trikkerute til det nye Rikshospitalet og til T-baneringen som nå er under bygging.

Opplegget inneber ei sameint løysing som både Høgre og Venstre kan gå inn for: ideen er å starte bygging av bybanen og ringveg vest samstundes.

Byggestart i haust?

Byråd Hans Carl Tveit meiner at prosjekteringa av bybanen i Bergen har kome så langt at det vil vere råd å starte bygginga alt i haust, så sant saka blir ferdigbehandla i Stortinget i vårsesjonen. Då vil første del av banen, Bergen Sentrum-Nesttun, kunne vere ferdigstilt i 2007/2008, meiner han.

Det trengst ei «pakke» til for å kunne fullføre heile prosjektet fram til Flesland.

— Dette opplegget inneber ein ny måte å tenkje på. Vi hevar blikket og går saman, stat og kommune, for å få ei løysing til beste for miljøet, seier Skogsholm.

Kvalitetssikra

Ho understrekar at det har vore viktig å ha eit godt fagleg grunnlag for dei framlegga ho nå vil kome med.

— Det er gjennomførd fleire uavhengige vurderingar for å kvalitetssikre prosjektet. På investeringssida er det fullt samanfall i vurderingane som endar med ein kostnad på 1,5 milliardar kroner, seier Skogsholm.

Skogsholm meiner at problema rundt driftsansvaret nå er rydda av vegen etter drøftingar som er gjennomførd mellom staten og Bergen kommune og Hordaland fylke.

— Byrådet i Bergen er innstilt på å presisere at kommunen tek driftsansvaret, seier Tveit.