— Det betyr alt, absolutt. Alternativet hadde vore at eg framleis venta på Haukeland, seier Bjørn.

Ei klynge med det dei trudde var kantarellsopp, endra brått livet til han og sambuaren Ingvild Augestad (24) i august i fjor.

Såkalt spiss giftslørsopp skal ha blitt med heim i steikepanna, og resultatet blei innleggelse og akutt nyresvikt for dei båe. Men verst var det for Bjørn. Den giftige soppen øydelagde nyrene hans.

— Sannsynlegvis vil Bjørn trenge nyretransplantasjon, fortalte overlege Kristin Sæle til BT i fjor.

Riktig match

Og slik blei det. I februar i år låg han i senga og drøymde om ein donor.

Fleire i Bjørn sin næraste familie testa seg, men ingen passa godt nok. Då kom tante Grete på banen, og i februar i år gav ho klarsignal til legane om å starte med dei naudsynte testane.

— Det var aldri snakk om å seie nei. Det handla om å få han frisk igjen.

I dag har halvparten av nyren hennar teke plass i magen til Bjørn, og endeleg har kroppen fått lov å rense seg sjølv. Borte er dialysefabrikken.

— Når han fyrst skulle ha ei ny nyre, så var det jo greit at det var tanta si, seier Grete og ler.

Operert i Oslo

Nyretransplantasjonen fann stad på Oslo Universitetssjukehus, Rikshospitalet. Det er det einaste sjukehuset i Noreg som utfører slike transplantasjonar, og er det største senteret for nyretransplantasjonar i Europa.

I 2011 fekk 302 nyrer ny eigar, 73 av dei kom frå ein levande donor som Grete.

— Den norske policyen er å alltid sjekke om det finst levande donorar, før pasienten blir meldt på venteliste. Det er viktig både fordi fleire då får tilbod om transplantasjon i alt, og fordi me ser at nyrer frå levande donor gir dei beste resultata, seier Pål-Dag Line.

Han er avdelingsleiar ved avdeling for transplantasjonsmedisin på Oslo Universitetssjukehus. Han fortel at ein i Noreg var pionerar på levande transplantasjon. Og trur det gjer at me den dag i dag har mykje betre organdekning. To tredjedeler av alle med nyresvikt får ny nyre.

— Noreg er det einaste landet i verda som kan behandle så mange av pasientane med nyresvikt ved å gi dei transplantasjon. Det er jo ei overlegent mykje bedre behandling enn dialyse, og betyr mykje for pasientane, seier Line.

Kjenner seg frisk

Med frisk nyre har kvardagen til Bjørn fyrst og framst blitt lengre. Men også mykje mindre slitsom.

— Eg skjønar fyrst no kor sjuk eg har vore, og kor frisk eg har blitt. Den største forskjellen er at eg er mykje meir opplagt og at den forferdelege hovudpinen er vekke.

— Og så har du ikkje så kort lunte lenger, seier sambuar Ingvild Augestad, og smiler.

Ho blei sjølv innlagt, etter at paret fekk i seg det som truleg var spiss giftslørsopp frå Hordnesskogen i Fana i Bergen. Ho blei langt i frå så hardt råka som Bjørn, men måtte likevel avbryte studiene.

— Eg er attende i jobb og er mykje betre. Det er utruleg kjekt å få med meir tid saman, seier ho.

Kvardagen attende

— Men det var jo litt rart, at eg la meg frisk og vakna sjuk. Medan Bjørn la seg sjuk og vakna frisk.

Ja, for kor dårleg blei Grete eigentleg, etter at legane tok vekk noko som kroppen var så van med?

— Etter at nyra mi skjøna at ho var blitt einebarn, så var kroppen sur i tre døger. Nyra mi gjekk litt i dvale, ja. Men sidan har ho oppført seg heilt fint, seier Grete og smiler.

Testing, testing og endå meir testing. Drøye fire månadar skulle det gå før Bjørn fekk den endelege beskjeden frå legane: Ja, tanta di er ein god match, og du skal opererast.

Det er berre dei aller friskaste som kan bli donor. Forutan at blodtypen må passe, kan donoren heller ikkje vera sjuk på nokon som helst måte.

— Ein kan trygt seie at donorar tihøyrer ein svært frisk del av befolkninga vår, seier Line.

Sjølve inngrepet for donoren medfører liten risiko, meiner Line. Rikshospitalet registrerer alle nyredonorar dei har, og ingen i Noreg har nokon gong døydd som følgje av denne typen operasjon.

— Det me ser er at risikoen for nyresvikt er noko større for donorar. Det kan likevel like fort skuldast at dei deler gener med den dei gir nyra til, som trass alt har nyresvikt, seier han.

— For dei fleste er gevinsten ved å få ein av dei næraste frisk så stor at det er verdt risikoen ved å donere vekk ei nyre, seier Line.

- Ein må leve i dag

— Eg vurderte aldri å ikkje gjere det. Var det match, så var det «meant to be», seier Grete. Ho fortel at det heller var mannen og dottera som bekymra seg.

— Men eg bestemte meg tidleg for at eg ikkje ville vite noko om risikoen, eller korleis operasjonen skulle føregå.

Grete snakkar lett og ledig, og smiler nærast meir enn ho snakkar. Men litt alvorleg blir ho, når ho fortel om gåva ho har gjeve. Den delen av seg sjølv, som ikkje vil koma attende.

— Det gjev eit perspektiv på livet, sjølvsagt. Men ein må leve som normalt, og ein kan ikkje tenkje på viss og om og men og kanskje. Ein må leve i dag, seier Grete.

Livet i gåve

— Eg sakna A4-livet, faktisk. Det normale med kvardagen. Me har nytt hus og nye moglegheiter, fortel Bjørn.

— Ja, apropos det! Eg er veldig nøgd med at nyra blei i nabolaget, skyt Grete inn og skrattar.

Krokeide er staden, og med den nye nyra i hus, ser den vesle familien fram til å prioritere kvarandre i tida som kjem.

— Før var eg veldig fokusert på karriere, men det er ikkje så viktig lenger. Det er her og no som er viktig, seier sambuaren Ingvild Augestad.

GLER SEG: - Eg venter på å spele fotball og jobbe igjen, seier Bjørn Reimers Brakstad (29). Inni magen ligg ho, den nye nyra frå tante Grete Reimers (59). Ho har ikkje falt til ro heilt endå og må bli kjent med nye krinklar og krokar.
Rune Sævig