bt.no presiserer: I ein tidlegare versjon av denne artikkelen, skreiv vi at Sp óg i fylkesutvalet røysta for alternativ A. Det er ikkje rett.


Som leiar i Hordaland Senterparti fekk Tungesvik i eit debattinnlegg i BT laurdag slengt i seg at han truleg har loge og ført hordalendingane bak lyset. Den tidlegare statssekretæren ristar berre på hovudet over ei slik skulding.

Striden gjeld val av vegtrase fram til det nye verftsområdet som Fjellstrand AS planlegg på Neshalvøya i Kvam. I denne striden er Tungesvik vikla inn, m.a. fordi han er skulda for å ha motsagt seg sjølv når det gjeld kjennskap til eit hemmelegstempla dokument frå Landbruksdepartementet.

«Litt vondsinna»

Ingar Flatlandsmo, som er leiar i Naturvernforbundet her i fylket, meiner at Tungesvik må ha fare med lygn i eit par NRK-program sist veke.

— Dette er berre tull frå ein litt vondsinna naturvernleiar som eg aldri har møtt eller snakka med, svarar Steinulf Tungesvik. Han legg til at heile åtaket botnar i ei stygg mistyding.

— Eg har engasjert meg som fylkesleiar etter initiativ frå Senterpartiet i Kvam, og kome fram til at alternativ A er det minst skadelege. Ulempene er akseptable, noko også mine partifellar i Kvam meiner. Det er eit vegstykke som i all hovudsak vil følgja den noverande vegen der han ligg i dag. Men det vert sjølvsagt større trafikk.

- Brevet referert

- Men du har hatt innsyn i eit hemmelegstempla brev?

— Nei, nei. Det har eg slett ikkje sagt. Eg har ikkje sett brevet, berre fått referert at det finst gjennom NRK Hordaland. Det er noko heilt anna. Dersom leiaren i Naturvernforbundet i Hordaland hadde høyrt skikkeleg etter i radiosendinga, ville han ha fått det med seg, seier Tungesvik.

I det omstridde brevet frå Landbruksdepartementet, som BT har fått tilgang til, vender ekspedisjonssjefen tommelen ned også for alternativ A. Tungesvik meiner at dei politiske organa likevel er ganske samstemte i synet på at det er akseptabelt. Senterpartiet er slik sett på line med dei andre partia, legg han til.