Ikkje mindre enn fire gonger blei det gjort skadeverk og forsøk på skadeverk på og ved eigedomen til politibetjenten. To gonger blei det sett på brannar, og to gonger blei det brukt sprenglekamar.

– Den eine gongen small det så høgt at heile nabolaget høyrde det, fortel lensmann Inger Lill Lanes.

Saman med fleire andre personar er ein nordfjording (34) no sikta for å motarbeide rettsvesenet gjennom å bruke vald, trugslar eller skadeverk.

To månader etter siste brannstiftinga hos politibetjenten, blei mannen pågripen i ei av dei største narkosakene gjennom tidene i Sogn og Fjordane.

– Eg er kjent med siktinga, men dette har ikkje vore tema i avhør til no, seier advokat Jørgen Riple, som forsvarer 34-åringen.

Vedstabel

Politiet meiner 34-åringen har vore aktivt med på alle fire anslaga mot politimannen.

– Vi meiner målet har vore å skremme, ikkje skade politibetjenten eller hans familie, seier Lanes.

Aksjonane mot politimannen og familien hans tok til i romjula 2005. 29. desember blei det prøvd å tenne på ein vedstabel som låg tett inntil huset. Nokre veker seinare, 14. januar, small det i same vedlageret.

Ei god veke etterpå blei det utløyst ein ny eksplosjon på politimannens eigedom. Siste episoden skjedde søndag 12. november 2006. Tennvæske blei då tømt over vedstabelen, og det blei kveikt på.

– Dette er kanskje det mest alvorlege tilfellet. Eldspåsetjinga skjedde klokka sju om morgonen då familien låg inne i huset og sov. Veden stod stabla inn til ytterveggen på huset, seier Lanes.

Fleire sikta

Denne gongen fata det skikkeleg i vedstabelen. Lukka var nokre tilfeldig forbipasserande som oppdaga brannen, og greidde å få den under kontroll.

Vitne, som etterpå melde seg til politiet, fortalde at dei hadde sett tre menn ved eigedomen omtrent på det tidspunkt brannen starta.

– Vi knyter fleire personar til hendingane, men omfanget av kva den enkelte har gjort varierer, seier politiadvokat Knut Broberg til Fjordingen.

Han vil ikkje opplyse kor mange som er sikta i saka.

Politibetjenten som blei utsett for skadeverket er ifølgje politiet sentral i etterforskinga av ein stor amfetaminsaka i Stryn, der politiet meiner ein mann i 20-åra frå kommunen er hovudmannen.

Også mor til stryningen og ei kvinne i 20-åra frå Møre og Romsdal er sentrale i politietterforskinga.

Meir enn 20 personar er anten alt dømde, tiltalte eller sikta i saka. Det er førebels ikkje klart kor tid sakene til dei mest sentrale aktørane kjem opp for Fjordane tingrett.

– Vanskeleg sak

Lensmann Inger Lill Lanes seier anslaga mot betjenten har vore ei vanskeleg sak for lensmannskontoret.

– Vi har brukt store ressursar på etterforskinga. Det har skjedd samstundes med at vi ved kontoret har vore urolege for at noko verkeleg ille skulle skje med ein kollega.

– Har det vore sett i verk tiltak for å verne politimannen og hans næraste?

– Det blei installert alarmar i huset. Når det har blitt køyrt patrulje, har vi så langt råd prøvd å leggje turen forbi for å sjekke at alt er i orden. Men utover det har det ikkje blitt tatt andre forholdsreglar, seier lensmann Inger Lill Lanes.

TENDE PÅ VEDSTABELEN: Natt til søndag 12. november blei det sett fyr på denne vedstabelen ved huset til ein politibetjent i Stryn. Lensmann Inger Lill Lanes er glad for at politiet no har oppklart dei fire anslaga mot politibetjenten.
Bengt Flaten