I mai 2005 vann bergensaren Torbjøn Skage over fem millionar kroner i eit V-75-løp på Bjerke travbane i Oslo. Skage sto fram med historia si i pressa rett etterpå.

— Det var ikkje så lurt at han sto fram i pressa. Han var under etterforsking av Økokrim. Men når bergensarar vinn, veit ein kva som skjer. Dei greier ikkje å halde det hemmeleg, forklarte Hamre.

Hamre var mellomleddet mellom Skage og Sandstrøm både når det galdt hesteveddeløp og psykologtenester.

Sjølv fekk Hamre kontakt med Sandstrøm gjennom advokat Tor Erling Staff seint i 2001. Staff var då forsvarar for Hamre under ankebehandlinga av pengeutpressingssaka frå Sandefjord.

Fekk god hjelp

Hamre forklarte at han sjølv hadde fått god hjelp av Sandstrøm då han var langt nede. I retten forklarte Hamre at han hadde kjent Skage sidan han sjølv lærte å gå. Heilt sikkert dei siste 13-14 åra, og at han hadde vore i bryllupet til Skage.

— Då må du ha lært å gå temmeleg seint, kommenterte aktor, førstestatsadvokat Jørn Maurud. Hamre er fødd i 1960.

Hamre opplyste at han hadde formidla hest til Skage fleire gongar og at Skage hadde hest ståande på stallen hjå Hamre.

Vinnarkupongen frå mai 2002 står sentralt i saka mot Sandstrøm. Spørsmålet er om Skage var åleine om denne kupongen eller om Sandstrøm var medeigar, slik han sjølv hevdar.

Påtalemakta meiner Sandstrøm har nytta ein påstått travvinst til kvitvasking av eit millionbeløp.

Då Hamre vart avhøyrd av politiet hausten 2005 om sitt kjennskap til femmillionarsvinsten fortalde han ingenting om at Sandstrøm skulle ha ein part i denne kupongen.

Spurde om eigarforholdet

I går hevda han at han visste det den gongen, men at han ikkje fortalde om det til politiet. Han hevda at han hadde spurd både Skage og Sandstrøm om eigarforholdet etter at rykta hadde begynt å gå dels om at Skage var åleine, dels at det var så mange som 20 partseigarar.

— Det var kanskje gale av meg ikkje å fortelje dette til politiet?

— Eg er freista til å svare ja, kommenterte aktor.

Sandstrøm nekta i går i prinsippet å svare på eitkvart spørsmål som gjeld Dagens Næringslivs avsløringar om kjøp og sal av lege- og psykologerklæringar.

I RETTEN: Atle Hamre slapp for ein månad sidan ut etter fleire månadar i varetekt i ei ny utpressingssak. I går forklarte han i Oslo tingrett om kjennskapen sin til kvitvasking av penger ved kjøp og sal av vinnarkupongar frå travbanen.
Dolmen, Siv