Skjærven er kritisk til salet fordi det er skredfarleg i nærområdet, og fordi tilkomsten er så bratt og vanskeleg opp Geithammarlia. Folk blir frista til å gå i jernbanesporet for å koma fram. Også det er livsfarleg.

— NSB har vore fullstendig klar over skredfaren rett utanfor døra til Reinunga vaktarbustad. Dei som har kjøpt eigedomen, må også ha fått klar melding om faren, seier Skjærven til Bergens Tidende. Han har mange års teneste på høgfjellet bak seg, sist som stasjonsmeister på Myrdal.

Styvisdalen ved Myrdal er reine idyllen om sommaren og eit eldorado for molteplukkarar om hausten.

Sikringstiltak

Det er bygt fleire sikringstiltak, mellom anna ein snøskjerm, for å sikra jernbanen mot snøen. Likevel har snøskred sperra Bergensbanen ved minst to høve, seier ein jarnbaneveteran til Bergens Tidende.

— Det kan stemma. Eg hugsa godt at vestgåande morgonekspress køyrde seg fast i eit snøskred og lokomotivet spora av for 12 år sidan. Vi hadde meldt over høgtalaren at toget kom om eit par minutt, men det kom aldri. Ikkje før det vart spadd fram att, fortel Skjærven.

Vanskeleg terreng

Hotellgjester og hyttefolk har ferdast trygt i området rundt Vatnahalsen, men bratthenget oppe ved Bergensbanen held dei seg klokleg unna vinterstid.

Reinunga vaktarbustad ligg tre kilometer aust for Myrdal stasjon. Det vanskelege terrenget kravde ein ekstra banevaktar på Geithammar, halvannan kilometer frå stasjonen. Reinunga-bustaden skal vera bygd i 1904, på eit skredsikkert punkt i Styvidalen. Ei rallarbrakke og ei smie vart tidleg sopt bort av eit snøskred i denne sidedalen mellom Geithammartunnelen og Reinungatunnelen på Bergensbanen. Vaktarbustaden ligg 70-80 meter frå vestmunningen av sistnemnde tunnel.

22 fritidsbustader til sals

Skredfare og vanskeleg tilkomst til trass, eigedomen har klare verdiar som fritidsbustad sommar og haust. Etter at banevaktarordninga vart avvikla, har jernbanefolk leigt eigedommen til fritidsbustad fram til 1995, då NSB lyste 22 fritidsbustader på høgfjellet til sals. Reinunga vart kjøpt av ein bergensfamilie utan tilknyting til jernbanen.

Etter om lag ti år vil eigaren truleg vera den mest lokalkjende i dette avgrensa området.

Informasjonsdirektør Audun Tjomsland i NSB opplyser til Bergens Tidende at dei ikkje lenger har prospektet for nettopp denne eigedomen då han vart lyst ut til sals. Dei har funne prospektet til ein annan eigedom som vart seld om lag på same tid. Der er ikkje skredfare nemnt særskilt, men det er gjort heilt klart at eigedomen ligg i vestlandsk høgfjellstrerreng.