STEINAR HYSTAD

Frå forskarhald har det vore hevda at det minkar svært på villaksen i havet. Difor er fisket etter den feite, sunne fisken denne sesongen innskrenka til tre veker i juli. I fjor vart det fangsta heile juli månad, med helgefreding.

— Eg har konsesjon for fire kilenøtene og når eg frå desse hentar opp så mykje fisk at det viser på båten, då er eg av den meining at det er mykje laks i havet, seier Øyvind Johnsen.

— Eg kan ikkje minnast å ha henta opp så mange fine villaksar frå nøtene som under årets fiske, endå eg har vore med på dette fisket i snart fem tiår. Eine fryseboksen et alt full, den andre halvfull. Her er fiskar på over ti kilo. Etter runden til nøtene måndag kveld hadde eg 20 flotte laksar i båten. Det er ofte mest fisk når sjøen har flødd. Fangsten har mest vore eventyrleg så langt, seier Johnsen.

Kilenøtene står på «gode gamle lakseplassar» rundt øyane i Brandasund. Johnsen ser til dei morgon, middag og kveld. Laksen som ikkje vert selt med det same, vert kjølt ned med is eitt døger før han vert lagt direkten i frysen.

Kvar dag vert det ført nøyaktig fangstbok som vert overlevert Statistisk sentralbyrå når fisket er avslutta. Spesielt dette året er Øyvind Johnsen spent på det samla resultatet. Skal bli interessant å sjå om det har vore like mykje villaks andre stader som i «rekordområdet» rundt Brandasund.

GODT FISKE: Øyvind Johnsen med eit flott eksemplar av årets villaks frå havet utanfor Brandasund. Den friske, heile halen stadfestar at det er villaks.
FOTO: STEINAR HYSTAD