Onsdag må sunnfjordingen svare i retten for grovt tjuveri av straum for 104.721 kroner og 50 øre, samt for diverse anna økonomisk misleghald ved motelldrifta.

Passar med straumbrot

Mannen var både styreleiar og dagleg leiar i motellverksemda i Flora kommune, og politiet meiner at den ulovlege tappinga av straumnettet har starta i romjula 2002.

— Forholdet vart oppdaga ved ein kontroll i september 2004. Da oppdaga Sogn og Fjordane Energiverk sine folk at det var gjort ulovlege inngrep i det elektriske anlegget, fortel politiadvokat Terje Gjertsen.

Ifølgje tiltalen har mannen kortslutta to paralelle måletransformatorar på ein slik måte at han kunne ta ut straum som ikkje vart registrert på målaren.

— Kva grunnlag har påtalemakta for å påstå at straumtappinga starta på ein eksakt dato i romjula 2002?

— På denne datoen, den 27. desember, var det eit lokalt straumbrot som korresponderer godt med den ulovlege koblinga som er utført her, seier Gjertsen.

Nektar straumtapping

Ifølgje politiet skal ulovleg tappa straumen ha kome mannens motellverksemd til gode.

Advokat Anders Folkman er mannens forsvarar, og seier at klienten ikkje kjem til å erkjenne straffskuld for tiltalepunktet som dreier seg om grovt tjuveri av elektrisk straum.

— Han stiller seg fullstendig uforståande til dette punktet i tiltalen, seier Folkman.

Ut over dette er den tidlegare motellverten tiltalt for mangelfull rekneskapsføring, for ikkje å ha registrert kontantomsetnaden i kassen og for å ha somla med å levere inn løns- og trekkoppgåvene til dei tilsette.

— Bortsett frå punktet om tjuveri av straum kjem han til å erkjenne dei øvrige punkta i tiltalen, seier forsvararen.

Fjordane tingrett har sett av ein dag til rettsforhandlingane.