• Eg er framleis tilhengar av norsk medlemskap i EU-seier Knut Arild Hareide, mannen alle trur vert ny leiar i nei-partiet KrF.

— Mitt syn er at Noreg høyrer til i EU. Medlemskap vil gje oss innverknad på EU sin politikk, seier partikronprinsen frå Bømlo.

— Eg ser store fordeler med EU, både som fredsprosjekt, fordeling og som heilt avgjerande nå under finanskrisa som råker mange land i unionen.

Men eg ser og at nei-folket har gode argument, legg han til

  • Og eg er lojal. Hadde det vore ei avstemming om norsk medlemskap i Stortinget i denne perioden, ville eg røysta nei, saman med resten av KrF-gruppa.

— Hareide kan ikke redde KrF

Nei-bastion

Ikkje sidan Kåre Kristiansen si tid har KrF hatt ein ja-mann til partileiar.

Kristiansen leia partiet i to periodar då EU-spørsmålet ikkje var særleg aktuelt, (1975-77 og 1981-83) Både før og etter den tid har KrF-leiarane vore klare motstandarar av norsk medlemskap.

Veljarane til KrF har alltid vore sterkt EU-skeptiske, og seinast på landsmøtet i 2009 enda partiet opp med eit klart nei-standpunkt. Avtroppande partileiar, Dagfinn Høybråten har og sagt at han er blitt sterkare mot EU etter som åra har gått.

Høybråten går av på landmøtet i Trondheim i april neste år.

EØS ikkje nok

- Kva med EØS-avtalen, Hareide, er det god nok?

  • Eg meiner den ikkje er god nok, sjølv om KrF var garantisten då Gro Harlem Brundtland fekk den på plass på 1993. Eg er stolt av den innsatsen KrF gjorde den gongen, utan KrF ville det ikkje blitt nokon EØS-avtale.

Mange nei-folk i KrF seier at EØS-avtalen er til å leva med. Eg meiner fullt medlemskap er best.

- Kan ein ja-mann blir partileiar i KrF?

  • Det er det partiet som må avgjere. Alle i partiet vil kjenne mitt standpunkt, men og at eg er lojal til det synet partiet vil ha.

Kritisk Israel-ven

— Er tida inne til at KrF blir meir klar i forsvaret av Israel?

  • Eg meiner vårt Midtausten-politikk er god. Vårt mål er fred. Vi må vurdere Israel som nasjon, og ikkje leggje oss opp i innanrikspolitiske spørsmål. Som ein ekte og god ven av Israel må vi ha rett til å kritisere landet når det er rett. Gode vener skal rette kritikk om venskapen er ekte. Det er ingen norske parti der Israel-engasjement er større enn på grunnplanet i KrF, det er eg brennsikker på.
  • Og her på Stortinget er heile gruppa vår med i Israels Venner, det er det ingen andre parti som kan syne make til.

Nøkkel i 2013

- Dersom valnemnda i KrF spør om du vil ta over som leiar etter Dagfinn Høybråten, kva tanker vil du gjere deg då?

  • At det er ein spanande jobb, ikkje minst fordi KrF vil bli eit nøkkelparti i 2013, med stor innverknad for kva regjering landet skal få.

- Kva er dei sterkaste argumenta mot å ta jobben?

  • Eg har følgt tett dei tre siste KrF-leiarane, og sett at det til tider har vore under eit sterk press.
  • Er du samd med dei som seier at heile KrF-leiinga må gå, også dei to nestleiarane Dagrun Eriksen og Inger Lise Hansen?
  • Nei, dei bør få halde fram, seier Knut Arild Hareide.

Kvem bør bli ny leiar i KrF? Sei meininga si i kommentarfeltet under!