• Dette kom ikkje som ein bombe på oss. Men det blir ikkje mindre skremmande av den grunn, seier Gjermund Halsvik.

— Vi har heile tida trudd at det var slik det hang saman. No er mistankane våre stadfesta, seier han.

Han og familien hans, som tel fire barn, er nokre av dei næraste naboane til tankanlegget. Alle saman slit framleis med etterverknader etter eksplosjonen og utsleppa som følgde.

— Vi har vore plaga heile tida med ulike symptom som tørr hals og luftvegsplager. Til og med no, over eitt år seinare, er stanken merkbar, seier Halsvik.

Ubehageleg lukt

Då BT besøkte familien i går, kunne vi konstatere at den svært ubehagelege lukta, som er ekstra påtakeleg no i varmen, kom i bølgjer med vinden og reiv sterkt i nasen.

Gjermund Halsvik er svært kritisk til at det først no er slått endeleg fast kva utsleppet inneheld av giftige stoff.

— Verksemda har heile tida prøvd å bortforklara og bagatellisera utsleppet. Dei har sagt det var ufarleg spillvatn som berre lukta litt. Det er ein hårreisande mangel på respekt for andres liv og helse, meiner Halsvik. Han er heller ikkje direkte imponert over måten SFT og miljøstyresmaktene har behandla denne saka på.

- Ubehjelpeleg

— Ubehjelpeleg og tafatt. Det er min merkelapp, seier han, og er overtydd om at saka ville blitt tatt mykje meir på alvor om dette hadde skjedd i ein storby.

— Mellom anna meiner eg at heile området burde vore evakuert til ein visste kva det var vi vart utsett for, seier han.

— No går vi med ei sterk urokjensle. Vi veit ikkje heilt kva langtidseffektane av dette kan bli. Det er for seint med tiltak no, og vi har ikkje tenkt å flytta herfrå, men vi kan ikkje la vera å tenkja på at mykje kunne vore avverja dersom ein hadde gripe inn straks, seier han.

Skodvin, Helge