— Løysinga kan bli kollektivfelt berre på nordsida av vegen mellom Storavatnet bussterminal og Lidl, seier ein håpefull varaordførar Espen Villanger i Fjell.

Det er Bergen kommune som har ansvaret for utarbeiding av reguleringsplan for denne delen av vegsambandet til Sotra og Øygarden. Her er det stor skepsis til dei omfattande inngrepa som kollektivfelta krev. Mange har etablert hus og heim i området, og det kan bli snakk om å bygga ei ny bru og to nye tunnelar.

Tregt over brua

— Målet er å hindra at trafikkavviklinga bryt heilt saman i åra fram til nytt fastlandssamband er på plass, tidlegast i 1016, seier Villanger til Bergens Tidende.

Han deler opp strekninga mellom Sartor og Storavatnet i tre parsellar, med Sotrabrua og Lidl som mellompunkt. Ved Storavatnet kjem ein inn på firefelts veg.

— Mange hevdar at kollektivfelt ikkje har noko for seg når Sotrabrua likevel blir ståande att som ein flaskehals, men dette er eg usamd i, seier Villanger.

Han vedgår at bussen vil køyra like tregt som før over sjølve brua, men med kollektivfelt på begge sider, vil bussen køyra forbi køen, vinna mykje tid og vera attraktiv for fleire. Aller helst vil han ha kollektivfelt på begge sider av vegen på alle tre delstrekningane. Men sjølv om det berre kan gjennomførast på ein eller to av dei, så monnar det.

Vanskeleg parsell

Vanskelegaste parsellen er mellom Storavatn og Lidl. Kan det byggjast kollektivfelt berre på eine sida her, må vestgåande trafikk prioriterast. Overgang frå fire til to felt gjer dette til ein ekstra lei flaskehals om ettermiddagen. I morgonrusjet innover løyser køen seg opp når ein nærmar seg overgangen frå to til fire felt, poengterer Villanger.

Utan kollektivfelt her, blir det ein ekstra flaskehals, i tillegg til brua.