— Eg kan ikkje minnast andre ulukker i dette området tidlegare, eller at det har gått skred før, seier Fuglehaug, som legg til at området, der skredet gjekk, ligg godt utanfor allfarveg og turløyper.

Fuglehaug var på hytta tidlegare denne veka, men reiste ned igjen tysdag.

— Det var lite snø. Det er sjeldan eg kan gå rett inn hyttedøra utan å måke snø først på denne årstida. Men denne gongen heldt det med to spadetak, så var snøen vekke, fortel han.