Det knallraude taket på Nygårdshøyden er eit blikkfang i omgjevnadane. Taket står i skarp kontrast med dei tradisjonsrike og stilprega 1800-talsbygga rett ved sidan av.

— Min første tanke var «skrekk og gru». Bølgjeblikk i seg sjølv er ikkje nødvendigvis så stygt, men ein kan raskt sjå at dette ikkje omsorgsfullt handsama, seier Tyra Vaagland, sivilarkitekt i hlm arkitektur A/S.

Huset er del av eit hybelkompleks som vert leigd ut til studentar. Der det før var takstein, er det no altså bølgjeblikk.

Sjølv om utbygginga ikkje bryt med loven, stikk taket godt ut i nabolaget.

— Det er viktig å taka vare på dei arkitektoniske kvalitetane som fins i slike område. Det er tydeleg at taket bryt med omgjevnadane i kombinasjonen av fargeval og materialval, og i mangelen på god utføring, seier Vaagland.

«Bildene taler for seg»

Fleire naboar BT har vore i kontakt med, meiner taket skjemmer nabolaget.

— Eg har veldig god forståing for at folk reagerer på at det vert bygd eit slikt tak rett ved sidan av husa deira, seier Vaagland.

Men det er ikkje berre det spesielle taket som stikk seg ut. I eit hus som ligg rett vegg i vegg, vert det bygd ei usedvanleg stor pipe.

«Dersom alle hus får slike piper og tak vil «byens tak» og «skyline» bli helt ødelagt. Ja, bildene taler for seg», skriv ein frustrert nabo i ein e-post til BT.

Naboen har no varsla Bergen kommune om huset.

- Vert teke for mange snarvegar

Vaagland meiner utbygginga er del av eit større problem i Bergen.

— Dette er eit døme på at mange utbyggjarar ikkje tenkjer på kvalitet og tradisjon, og investerer veldig lite i fagleg oppfølging, seier ho.

— Det vert teke alt for mange snarvegar, og svært mange utbyggjarar slepp byggjeprosjekt for tidleg, seier ho.

- Litt pirkete

Ein leigetakar (29) som BT møter utanfor huset, meiner bergensarar er for strenge med kva som kan verte bygd i deira nabolag.

— Det er litt pirkete å bry seg om eit tak ein ikkje liker, seier kvinna, som ønskjer å vere anonym.

29-åringen har budd i hybelkomplekset i eit år, og har ikkje noko i mot å vere busett i bygget.

Er det slik som dette vi ønskjer å bli hugsa for ettertida? Sivilarkitekt Tyra Vaagland

— Bølgjeblikk er vel ein billig og enkel løysing, og eg trur det også er hovudpoenget frå utleigar si side.

Arkitekt Vaagland meiner mange har for låge forventingar til byggjeprosjekt.

— Vi må vente betre kvalitet av utbyggjarar og eigarar, og ikkje berre akseptere dei billigaste løysingane. Er det slik som dette vi ønskjer å verte husga for ettertida? spør ho.

Det har ikkje lykkast bt.no å kome i kontakt med utleigar Nordisk Eigendom AS.

Kva meiner du om taket? Diskuter under:

PRISJAG: - Dette er eit døme på at mange utbyggjarar ikkje tenkjer på kvalitet og tradisjon, og investerer veldig lite i fagleg oppfølging, seier sivilarkitekt Vaagland.
EIRIK BREKKE