- Miljøkatastrofe

Massiv fiskedød i Vatnaelva på Stord etter at 500 liter lut rann ut i elva.

Les også:

All lakseyngel frå dei siste tre- fire åra er utrydda i Ådlandsvassdraget etter giftutsleppet torsdag ettermiddag.

– Dette er ei katastrofe, seier sportsfiskar Knut Petter Hagen Thorsen til bt.no.

Han får støtte frå Per Bergli, grunneigar i området. Han seier til Haugesunds Avis at fisket i elva truleg vil bli stengt i tre-fire år framover.

Meldt til politiet
Thorsen har vore i kontakt med politiet for å melde Stord kommune for miljøkriminalitet.

Utsleppet kjem frå Stord vassverk, og kommunen har lagt seg flat etter uhellet.

– Me beklagar, og me tek ansvaret, seier Sivert Haaland i Tekniske tenester i Stord kommune til avisa Sunnhordland .

Til Haugesunds Avis fortel han at utsleppet skjedde då lut skulle fyllast på tankar tilknytt reinseanlegget ved Lundsåsen. Ein halv kubikkmeter med 30 prosent lutt rann rett i Vatnaelva, etter at ein slange hoppa av, og det oppsto lekkasje.

- Trist syn
Thorsen var ein av 15-20 frivillige som plukka død fisk langs vassdraget i går.

– Då eg kom opp til elva i går stod eg nesten å gråt. Eg såg hundrevis av død fisk, fortel Thorsen.

– Vi har plukka bøttevis med død yngel, både laks og aure. Også ål er død, sjølv om den toler ein pH opp til ti. Det har vore ein utruleg sterk konsentrasjon av lut. 26 timar etter ulykka svei det framleis godt på hendene, seier Thorsen.

Han seier giftutsleppet vil få store konsekvensar i mange år framover.

– Dette er ei miljøkatastrofe av uante dimensjonar. Eg håper verkeleg dette får følgjer for kommunen. Såpass giftig materiale krev kvalitetssikring. Hadde det vore barn i elva som bada kunne det fått uante konsekvensar, seier sportsfiskaren.

Oppdaga av born som bada
Ifølgje Thorsen var det badande born som oppdaga giftutsleppet. Då dei fann død fisk og såg brunfargen på elva, skjønte dei at alt ikkje var som det skulle vere.

I går blei det tatt tre vassprøvar i elva. Ifølgje Haugesunds Avis viste to av prøvane en ph-verdi på 7,5, medan ein var heilt oppe i ni.

Sivert Haaland seier til lokalavisa at kommunen skal skjerpe rutinane sine, for å unngå at noko slikt skal skje igjen.

Les også

Siste fra Lokalt

Bergensjente blir Chanels nye ansikt

Den nybakte supermodellen Merethe Hopland (20) kan regne med honorar i millionklassen.

Fylkesmannen slår ned på bar i naust

- Bare noen gamle møbler, sier eierne. - Ulovlig, mener fylkesmannen.

Slik kom politiet på sporet av vrakene

Ren slump avslørte dumpingplass ved Knarvik. Her er historien bak.

Båt havarerte ved kai i Sandviken

Brannvesenet legger ut lenser for å stoppe diesellekkasje fra båten «Victoria Regina» i Elsesro i Bergen.

Forbyr salg av barnegrøt

Barnegrøten kan være helseskadelig.

- Ulykkene preger folk her ute

To dødsulykker på kort tid i Lindås. Rusede sjåfører skal ha utløst begge - og selv overlevd sammenstøtene.

Relaterte bilder

FOTO: joost lommelaars

FOTO: joost lommelaars

FOTO: joost lommelars

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger