— Medan staten brukar rundt ein milliard kroner i året på rassikring av vegar, går det nesten ingen ting til sikring av bustadområde og friluftsliv, seier Kjetil Brattlien, senioringeniør ved Norges geotekniske institutt (NGI).

Brattlien trur rundt 95 prosent av norska rassikringsmidlar handlar om veg.

Få drept på vegen

— Det er mange vegar i Noreg som tidvis blir trefte av ras. Men heldigvis er det ikkje mange som blir drept. Årsaka er at eksponeringstida er så kort når vi køyrer bil i motsetnad til når vi sit i stova vår eller søv i senga, seier raseksperten, som opplever at mange kommunar vender seg til NGI med uro for korleis dei taklar rasfaren.

— Vi veit at mange kommunar føler at dei har eit altfor stort ansvar med omsyn til rasfare for busetnader og mangel på midlar til å avbøta risikoen. Vi får stadig vekk saker der vi ser det ligg bustadhus som ikkje bør liggja der, men som det ikkje er midlar til å sikra.

Eldre hus mest utsett

Plan- og bygningslova set i dag krav om at kommunane tillet nye bustadhus berre der det er trygt for eit såkalla tusenårsskred. Derfor er det eldre busetnad oppført før lova kom som er mest utsett.

Bustadhuset som blei knust i Balestrand måndag kveld blei råka av eit kraftig sørpeskred, som det ifølgje Kjetil Brattlien er stor risiko for denne vinteren.

I vintar som denne, med ein kald og snøfattig start, blir det laussnø nede i snødekket der det kan fyllast opp med mykje smeltevatn eller regn. Snøen blir så metta av vatn at det blir utløyst i eit ras med stor konsekvens, seier Brattlien.

t