• Eg trur veljarane opplever større fokus på lokale saker, framfor partiprogram utvikla sentralt, seier Olav Martin Vik, ordførar i Øygarden.

Vik toppar Tverrpolitisk valliste for Øygarden, som i fleire år på rad har vore valvinnar i Øygarden.

I Øygarden sprang dei lokale listene ut av ein gammal konflikt mellom sør og nord. 1995 slo fleire reine bygdelister seg saman og gjekk til val på å få realisert eit nytt helse— og tenestesenter.

I år går Tverrpolitisk liste til val på bygginga av ny fleirbrukshall.

— Er det ikkje ein ulempe å vere ordførar utan eit sentralt partiapparat i ryggen. Kva gjer du når det er naudsynt å få støtte frå Stortinget og sentrale politikarar?

— Stortingsrepresentantane er til for alle, også for ein ordførar frå ein tverrpolitisk liste, seier Vik og legg til:

— Det kan vere ei utfordring å få nokon oppover i systemet til å ta saker for oss, men slik trur eg det er for mange lokalpolitikarar, om dei høyrer til eit parti eller ikkje.

Me har jobba regionalt, og i fellesskap gått til stortingsgruppene når vi treng støtte i store saker, som til dømes det nye fastlandssambandet og bompengepakker.

UTAN PARTI I RYGGEN: Ordførar Olav Martin Vik har ikkje partifeller å ty til på Stortinget: - Det kan vere ei utfordring å få nokon oppover i systemet til å ta saker for oss, men slik trur eg det er for mange lokalpolitikarar, seier han.

ARKIVFOTO: HELGE SKODVIN

UTAN PARTI I RYGGEN: Ordførar Olav Martin Vik har ikkje partifeller å ty til på Stortinget: Det kan vere ei utfordring å få nokon oppover i systemet til å ta saker for oss, men slik trur eg det er for mange lokalpolitikarar, seier han. ARKIVFOTO: HELGE SKODVIN