I høyringsnotatet går Olje— og energidepartementet inn for å skilja nettselskapa frå selskapa som driv produksjon og sal av elektrisk kraft. Men små kraftselskap skal få driva som før. Departementet antydar at grensa mellom store og små selskap bør vera anten 10.000 eller 20.000 tilknytt abonnentar. EU har i eit direktiv sett denne grensa ved 100.000 abonnentar.

— Ein ting å vera flinkast i klassen, men vi treng ikkje vera så mykje flinkare enn EU, sa dagleg leiar Leiv Vambheim i rådsmøtet i Granvin i går.

I ei samrøystes fråsegn ber rådet Regjering og Storting om ikkje å innføra distriktsfiendtlege særnorske ordningar. Lova bør heller ikkje opna for tvangsmessige samanslåingar (av små kraftselskap), og energisektoren i Noreg må framleis vera underlagt politisk debatt og demokratiske prosessar. Hardangerrådet er mot utvida fullmakter i energisektoren til byråkratiet.