• Dei statlege løyvingane til veg har minka dei siste åra. Samstundes har bompengedelen vorte større og større. Dette er borgarleg vegpolitikk, seier stortingskandidat Per Rune Henriksen (Ap).

JOHN LINDEBOTTEN

Henriksen viser til eit notat frå Transportøkonomisk Institutt, TØI. Rapporten er tinga av Norsk Arbeidsmandsforbund, og konklusjonen synest klår: — dei totale statlege løyvingane til vegsektoren har minka dei to siste åra. Av notatet går det elles fram at bompengedelen av investeringane dei siste åra har auka meir enn de statlege overføringane. Bompengedelen har stige frå 27 prosent til i overkant av 30 prosent av løyvingane til veg. Dette betyr at norske bilistar betalar nær 800 millionar meir i bompengar no enn i 2001. Og dette har dei gjennomført med støtte frå Framstegspartiet, seier Per Rune Henriksen til Bergens Tidende.

— Det er dette som er borgarleg vegpolitikk. Dei borgarlege lovar som vanleg meir veg for pengane. Realiteten er faktisk motsett. Med konkurranseutsetjing og OPS (offentleg/privat samarbeid) får vi faktisk mindre veg for pengane og meir byråkrati, seier Henriksen.

I notatet frå TØI vert det m.a. vist til at vegløyvingane auka kraftig i 2002 og 2003. Men så gjekk løyvingane ned att i 2004. Den kraftige auken i 2003 hang saman med omstruktureringa av Statens vegvesen, skriv TØI, som konkluderer med at dei totale statlege løyvingane til vegsektoren har minka dei to siste årene. Men TØI presiserer og at når løyvingane hyar minka samanlikna med 2003, så skuldast det store eingongskostnader i samband med skipinga av Mesta det året

Samferdslepolitikar Øyvind Halleraker (H) konstaterer for sin del at TØI-notatet er tinga av ein organisasjon som alt på førehand var i mot omorganiseringa i Statens vegvesen, og som også er i mot privat medverknad i vegbygging.

— Faktum er at opprettinga av Mesta alt har gjeve oss 800 millionar meir til investering i vegar. Og når det gjeld bompengefinansiering, så må eg minna om at bompengeprosjekt alltid oppstår etter ynskje frå kvar einskild region, seier Øyvind Halleraker.

Han er og overtydd om at OPS på sikt vil gje meir veg for pengane.