Det hevdar bergensfirmaet bak sporingssystemet Meat Merit.

Tirsdag lova landbruksministeren to millionar kroner for å få på beina eit nasjonalt system for matsporing.

— Heilt unødvendig pengebruk. Fullgode system for matsporing eksisterer allereie. Det er berre å ta dei i bruk, meiner dagleg leiar Ole A. Dahl i Scase AS.

Ikkje særnorsk

Spørsmålet rundt matsporing har ei rekke gonger blitt presentert for styresmaktene dei seinare åra, utan at noko har skjedd.

No står Gilde i ein situasjon der mykje tyder på at dei ikkje klarer å spore opp kjelda til dei e.coli-infiserte spekepølsene frå Sogndal.

— Det blir meiningslaust dersom regjeringa no vil opprette eit eige, særnorsk system for matsporing. Ønskjer dei derimot å ta utgangspunkt i EUs register til å skape ein felles standard, så kan det fungere godt, seier Ole A. Dahl i Scase.

  • Her er det ikkje nødvendig å finne opp hjulet på nytt. Det er faktisk berre å ta det i bruk.

Bergensfirmaet har samarbeidd med Gilde om prøveprosjekt gjennom fleire år. Dei har sporingssystem for både kjøt, fjørfe og fisk, og har levert komplette system til store aktørar i eksempelvis Italia og Sør-Amerika. Her heime er blant andre Prior og Nutreco på kundelista.

- Økonomi i sporing

Også seksjonssjef i Fagsenteret for kjøtt, Ola Nafstad, meiner at det allereie eksisterer fullgode sporingssystem på marknaden.

— Næringa har masa om dette i fleire år, men det går tregt når staten, landbruksdepartementet og Mattilsynet skal seie sitt, meiner Nafstad.

Han fryktar at staten no set i gang eit tidkrevjande forprosjekt.

— Reint teknisk er dette mogeleg å gjennomføre nokså raskt. Og dersom dei nye to millionane frå ministeren skal gå til å betre samhandlinga mellom det offentlege og næringa, så helsar eg det velkommen, seier Nafstad.

I mellomtida ventar dei kommersielle aktørane på at bransje og stat skal bestemme seg. I Bergen sit Scase-sjefen med eit system som kan spore kvart kjøtstykke tilbake til individet det kom frå.

— I utlandet gjer produsentane dette ut frå si eiga økonomiske interesse, og ikkje først og fremst av omsyn til matvaretryggleik. Men det fungerer faktisk begge vegar, seier Dahl til Bergens Tidende.