— Mi utfordring til oss alle er at engasjementet, der vi no demonstrerer medmenneskenaturen på sitt beste, ikkje berre må koma til uttrykk her og no, medan inntrykka er ferske og sterke, men at vi tek inn over oss den langsiktige utfordringa som sunami-katastrofa i Asia stiller oss overfor.

Slik appellerte ordførar Bjørn Christensen til deltakarane som valde Voss Tinghus som utgangspunkt for fakkeltoget mot kulturhuset Fraktgodsen i kveld.

— I gleda over at talet på norske omkomne vart ein tidel av det vi lenge frykta, må vi ikkje gløyma at tragedien like fullt er total for dei mange som har mista sine kjære, understreka ordføraren.

Og han minna om at også Voss er råka. Tre sakna har røter og nær slekt i bygda (bestemor, svigermor, tanter, onklar og søskenbarn).

— Vi må heller ikkje missa fokus på at 150.000 menneske, minst, har mist livet i denne naturkatastrofen, og at som mange som to millionar er avhengige av naudhjelp og hjelp til gjenreising, sa Christensen, og uttrykte von om at partane i borgarkrigane i området kjem til fred og forsoning.

Så sende han fakkelberarane ein runde gjennom gatene på Vangen og opp til kulturhuset.

<b>FAKKELTOG:</b> Redd Barna og Voss Røde Kors skipa til fakkeltog til støtte for innsamlinga til dei sunami-råka i Asia. Ordførar Bjørn Christensen heldt appell.<br/> FOTO: ARNE HOFSETH