Saman med Are Kalvø frontar Redd Barna-fadder— og ambassadør Kråkevik bussplakatkampanjen som tek til på måndag.

Herborg vart knytta til Redd Barna gjennom ein tur til Kambodsja for nokre år sidan.

— Eg hadde ikkje lyst til å reisa, for eg var like redd for fattigdom som for det å ta båt. I begynnelsen syntest eg det var ekkelt og fælt, for det rører ved noko som kan vera vanskeleg å takla, fortel Herborg.

— Men når du ser sånne triste barneauge som kanskje aldri kan bli glade igjen, så er det klart ein vil gjera det ein kan for å hjelpa. I dag er det liksom slik at medkjensle ikkje er ein god nok grunn til å hjelpa, men det synest eg er tull. Medkjensle er ein viktig menneskeleg eigenskap! seier Herborg.

På lunsjmøtet i går fekk ho òg vervingshjelp frå guiden Trygve i Christine Hope sin skikkelse. Han synest det er viktig å støtta opp om alle dei redde borna, spesielt i u-landet eller utlandet.

Støtte frå bussjåførane

Sidan Herborg fekk sitt første møte med Kambodsja, har ho besøkt landet sju gonger både som privatperson og Redd Barna-ambassadør. Ho er spesielt knytta til eit senter for barneprostituerte i Phnom Pehn, der barna blant anna lærer å dyrka grønsaker.

— Det er utruleg viktig for desse ungane at nokon ser dei, seier ho. Reaksjonane frå bussjåførane på lunsjmøtet i går var svært positive.

— Det hender at vi får negative kommentarar på reklamen vi kjører rundt med. Derfor er det veldig kjekt at vi kan få lov til å vera med og delta i det som står på bussane. Dette er ein god bodskap som varmar dei fleste, seier Geir K. Thomassen, som jobbar som sjåfør og instruktør.

— Flott å kjøra rundt med ei positiv oppmoding i staden for ting som fremjar kjøpepresset på alt mulig, synest sjåfør Jim Petter Johnsen.

Prøvar heimeverving

Det er første gong Redd Barna kjører ein heil kampanje på nynorsk.

— Det var naturleg sidan begge frontfigurane våre denne gongen er nynorskbrukarar, og Hordaland eit nynorskfylke, seiar Trude Storheim, regionleiar i Region Vest.

Kampanjen blir synleg i bybiletet dei neste to vekene. I tillegg til dei 300 bussane med Redd barna-plakatar, vil det vera vervarar i sentrumsgatene og på kjøpesentra.

— Dessutan skal vi prøva heimeverving for første gong. I Bergen og Oslo vil to faddervervarar komma på heimebesøk på ettermiddagane. Dette er eit prøveprosjekt, og vi håpar folk vil gje oss tilbakemeldingar på korleis dei opplever det, forklarar Storheim.

— Di fleire fadrar vi har, di fleire born kan vi hjelpa. I fjor nådde vi 1,9 millionar, seier Storheim, som vil understreka at folk har lov til å seia nei.

— Men samstundes håper eg folk hugsar grunnen til at vi er her. Mange born i verda har det svært vanskeleg, og det nyttar å hjelpa dei, seier ho.