Sørensen fortel at Fjell tok initiativ til ei ordning med billegare månadskort over Sotrabrua for tre år sidan. Den gongen sa fylkeskommunen nei, men no ynskjer kommunen å hengje seg på rabattordninga som nordhordlendingane skal få når bompengeinnkrevinga sluttar på Nordhordlandsbrua.

Månadskort til 630 kroner er såpass freistande at det kan auke kollektivandelen over Sotrabrua — og dermed også minske dei lange køane inn og ut av kommunen, trur Sørensen.

Onsdag vedtok komite for plan- og byutvikling i Fjell ein uttale der det heiter at "Sotra har framleis eit stort potensiale for overgang av fleire reisande til kollektivtransport. Forsøket med 40 prosent takstreduksjon bør difor også femne om Sotra". Dette ynskjet er no send til fylkeskommunen.

— Det er klart at dette er noko vi ynskjer. Og rabatten blir aktualisert igjen no, i og med at Nordhordland har fått gjennomslag, seier plansjefen.

Han peikar på at Fjell har dei største trafikkproblemane i regionen.

— Me har meir trafikk over Sotrabrua enn Nordhordlandsbrua, Askøybrua og Osterøybrua til saman. Å betre tilhøva for kollektivtransport er heilt naudsynt for å minske presset, seier Sørensen.

Også Askøy ynskjer seg strilerabatt. Påtroppande varaordførar i Askøy, Øystein Holmelid (Ap) seier til Kystradioen at trafikken over Askøybrua har auka med 11 prosent i november i år i forhold til same månad i fjor.

Han er redd for at trafikken vil tetta seg til på Vestre innfartsåre og at trafikkveksten over brua kan bli 30-40 prosent fram mot hausten 2006 når det blir slutt på bompengar over brua. Han reknar med at Askøy kommune vil fremje forslaget i samband med samferdsleplanen som om kort tid skal opp i kommunestyret.

TRANG BRU: Sotrabrua tettar seg fort i rushtrafikken. No vil Fjell kommune ha billegare busskort. ARKIVFOTO