— Mamma mamma, det fer ein bil i sjøen!

Det er laurdag morgon, klokka er snart halv ni, og Jardar (7) sit ved kjøkenglaset heime på Sekse på austsida av Sørfjorden.

— Nei nei, svarer mora, Ellen Moe.

Bilen søkk, og Jarder gjev seg ikkje:

— Jo, kom og sjå!

Kjempar for livet

Mora er kjapt på plass, og ser at halve bilen står under vatn. Inne i bilen kjempar ein Karmøy-mann for livet. Airbagen har løyst seg ut, og mannen kjem seg ikkje ut på førarsida.

— Eg fekk ein rar kjensle i magen, fortel Jardar.

Ellen Moe varslar faren til sjuåringen, Magne Eivind Moe, som spring av garde. Vel framme ved sjøen har ein nabo som jobbar på eit naust, allereie kome til.

I mellomtida har bilføraren, som er aleine, kome seg ut av den maltrakterte bilen på passasjersida. Mannen klarer sjølv å symje til land.

Får varme klede og kaffi

— Han kom seg på land for eiga maskin, og sa det hadde vore om lag ein halv meter vatn i bilen då han kom seg ut, fortel Magne Eivind Moe.

— Han var kald og sjølvsagt i sjokk, så vi fekk han inn i huset og gav han tørre klede og kaffi, seier han.

Frå Jarder såg bilen stupe i fjorden, til bilføraren stod i stova, gjekk det berre rundt ti minutt.

— Føraren var mest glad for at alt var gått så bra. Hadde han vore med bilen ned, hadde dette gått heilt annleis, seier Moe.

Jardar synest sjølv det var ei litt ekkel oppleving.

Brådjupt

— Eg var glad då han kom inn gjennom døra og alt gjekk bra, fortel sjuåringen.

— For han som såg bilen gå i sjøen, var det litt skummelt. Men det var jo ei stor oppleving for ungane. Dei skjønte ikkje så masse og spurte om han hadde sett sjøstjerner, seier pappa.

Magne Eivind Moe er ikkje i tvil om at bilføraren hadde mista livet om han ikkje hadde kome seg ut før bilen sokk.

— Det er sju-åtte meters høgde frå vegen og ned til sjøen. Det er også brådjupt akkurat der og ikkje veldig lett å få tak i dykkarar her ute i fjorden, seier Moe.

Bilføraren, som er i 30-åra, har kome frå ulukka utan særlege skader. Mannen ønskte i går ikkje å snakke med Bergens Tidende.

Bilvraket heva i går

Føraren skal ha forklart til familien Moe at han fekk eine hjulet på bilen ned i grøfta på oppsida av vegen, så mista styringa på bilen. Mannen køyrde i retning Odda.

Bilen gjekk deretter i fjellveggen, for så å gå rundt to gonger før han til slutt skar ut og stupte ned i fjorden.

Bilen blei i går heva frå ei hylle på 14-15 meters djup.

SMADRA: Ulukkesbilen, ein Ford Focus stasjonsvogn, blei i går heva frå 14-15 meters djup i Sørfjorden. Skadane på bilen vitnar om at store krefter har vore i sving.
Bergens Tidende
ULUKKESTADEN: Det er særs djupt der mannen frå Karmøy køyrde ut i Sørfjorden.
VITNE FRÅ KJØKENET: Jardar Moe (7) hadde knapt ete frukost då han blei vitne til at bilen skar av vegen, og stupte ut i fjorden. Eg tenkte på dei som var inne i bilen, fortel sjuåringen.
Bergens Tidende