No vil Kriseteamet i Eidfjord oppdatere kunnskapen sin, og inviterer også krisegrupper og uttrykkingspersonell i nabokommunane Ullensvang og Odda til temadagen. I kveld blir heile bygda, især dei som bidrog under hjelpearbeidet, inviterte til samlinga «Måbødalsulykka 20 år etter».

– Nokre meiner vi bør la det liggje, og ikkje rippe opp i ulykka. For andre kan det vere riktig å ta fram igjen og bearbeide det som skjedde.

– Finst det folk som framleis slit med opplevingane frå Måbødalsulykka?

– Ikkje i den forstand at dei er sett ut av spel. Men det er nok ein del som ser for seg ein del bilete, som enkelte netter kjem fram igjen. Dersom ein ikkje tek fatt i slike ting, blir det større, er vår erfaring. Men dette er eit val folk har.

– Er det ikkje litt seint med temadag tjue år seinare?

– Terapeutisk er det altfor seint, men det er aldri for seint å gjere noko. Det som er viktig på denne dagen er kva vi kan lære av slike ulykker. Vi håpar at liknande aldri skjer igjen, verken hos oss eller andre. Men kvar dag einaste dag er dette tema. Vi høyrer dagleg om «måbødalsulykker» på nyheitene; hendingar der menneske blir sett under voldsomt stress og press.