— Så langt i år har C-ferja på Halhjem-Sandvikvåg vore ute av drift i 17 døgn. Frå i dag, 17. november, skal gassferja «Bergensfjord» på verkstad til 28. november. Neste år vert det endå verre. Då er det varsla 60 døgn med kanselleringar på C-ferja grunna vedlikehald, skriv fylkesordføraren til samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Selsvold Nyborg bed Navarsete gripa inn og syta for at driftsselskapet, Fjord 1, vert pålagt å setja inn ekstra ferje når den eine gassferja er ute av drift.

— Vi ber innstendig om at samferdselsministeren gjer det som er mogleg for at kontrakten mellom vegstyresmaktene og Fjord 1 vert oppfylt, skriv Selsvold Nyborg.

Ho viser til at det har vore ein trafikkauke på nær 40 prosent sidan Fjord 1 fekk konsesjon på strekninga Halhjem-Sandvikvåg frå 2007. Alt i sommar bad fylket om ekstra tiltak då det viste seg at C-ferja stadig var ute av drift. Fylkesordføraren meiner dette er heilt uhaldbart for næringslivet i Hordaland i tillegg til at det skapar store frustrasjonar i persontrafikken.