— Skal ein bu i Bergen må ein rekne med regn og litt styggevêr. Vi kan ikkje gøyme oss vekk. Og det er jo friskt og fint dette og, seier Frank Damm.

Han og kona Bente Damm er på tur ved Tveitevannet med barnebarnet Marius (2).

— Vi pleier å kome oss ut så ofte vi kan, seier bestefaren. Han grin ikkje på nasen når han høyrer at ruskevêret truleg vil følgje oss gjennom vintermånadene.

  • Vi skal ikkje sitje inne. Det kan vi heilt sikkert seie. Vi kjem til å glede oss over vinteren og vi ser fram til å vere ute, seier han.

At ruskevêret vil gje lågare straumprisar er gode nyhende. Denne vinteren har familien vore meir påpasseleg med straumbruken enn tidlegare.

  • Vi må jo rekne med høgare straumprisar, noko vi har tatt høgde for. Vi har ikkje tenkt så mykje over det tidlegare, men no når det har vore skrive så mykje om det, har vi prøvd å vere meir forsiktige, seier Damm.