• Til å bli nedstemt av, seier nyvald stortingspolitikar for Ap, Anne-Grete Strøm-Erichsen, til BT.

Ho siktar til BT-oppslaget måndag om barn og unge i Helse Vest RHF, som må vente lengst i heile landet for å få hjelp innan det psykiske helsevernet.

Medan barn på Vestlandet i snitt må vente 125 dagar på utgreiing og behandling, er ventetida på landsbasis 109 dagar.

— Det er synd at køane veks, og dette kan tyde på at helsevesenet prioriterer stykkprisfinansierte tenester framfor psykiatri, seier Strøm-Erichsen.

— Ikkje berre er det openbart at det må tilførast fleire statlege ressursar i helsevesenet. Men også Helse Vest må prioritere psykiatri, og ikkje minst barnepsykiatrien. Sjølv om eg skjønnar at det ikkje er lett, legg ho til.

Strøm-Erichsen seier at det er viktig å jobbe tverrfagleg og førebyggande blant dei unge.

— Barna som står i kø til det psykiske helsevernet, går samtidig i barnehage eller på skule, og kan vere ei stor utfordring både for seg sjølve og miljøet rundt. Det er ikkje alltid enkelt for pedagogane å takle slike utfordringar. Derfor er det viktig at dei har profesjonelle i PPT- og helsetenesta å støtte seg på, seier ho.

Ved utgangen av august stod 845 barn i kø til det psykiske helsevernet i Helse Vest.