Fleire gonger har Martha Landro reist for å hente ungar som ikkje orkar å gå på skulen. Ikkje fordi dei er forkjølte eller har omgangssjuke eller andre fysiologiske sjukdommar. Dei nektar, fordi dei har skulevegring.

— Ubehaget ved å bli heime er mindre enn ubehaget ved å gå på skulen, forklarar Landro, som er sjukepleiar og koordinator for barn og unge i Fyllingsdalen bydel.

Når eit barn er heime over tid utan gyldig fråvær og foreldra veit om det, blir det kalla skulevegring.

Det er forska lite på fenomenet her til lands, men forskarar reknar med at dette gjeld kring 10.000 norske barn.

— Skulevegring er eit nytt fenomen som opptrer i alle aldrar og samfunnslag, og er eit symptom på at eit barn ikkje har det bra, seier Landro.

Fråvær på 120 dagar

Gjennom sinne, gråt, protestar eller frustrasjonar kan barnet uttrykke motviljen mot å gå på skulen. Årsakene kan vere mange og samansette.

— Alt frå psykisk sjukdom hos mor og vald i heimen til mobbing på skulen eller elevar som ikkje får hjelp til leksene og blir hengande etter, seier Landro.

Det verste, seier ho, er når eit barn har vore så mykje borte i løpet av eit skuleår at det ikkje får karakterar til sommaren.

— Det er utruleg trist. Skulevegring kan fort balle på seg. Vi kjenner til at barn kan ha fråvær frå 40 til 120 dagar. Når eit barn er borte så lenge, mistar dei sosiale kodar, vener, fag - alt det skulen representerer.

- Men strengt tatt har foreldre ansvar for å få barna på skulen?

— Ja, men ikkje alle foreldre klarar det. Tenk deg ein 13-åring som blir på guterommet uansett kva mor, far eller skulen seier. Generelt er barn gode på å bøye seg for autoritetspersonar. Barn med skulevegring derimot står opp mot autoritetar, brukar motet sitt og seier nei. Då kan foreldre bli veldig redde.

Tenk deg ein 13-åring som blir på guterommet uansett kva mor, far eller skulen seier

MARTHA LANDRO, SJUKEPLEIAR

Fortvilte foreldre

Som einaste bydel i Bergen har Fyllingsdalen eit skulevegringsteam for å fange opp desse elevane. I kveld, på Verdsdagen for psykisk helse, skal Landro snakke om erfaringane på Logen.

— Vi blir kontakta av fortvilte foreldre og lærar om barn som treng hjelp til å kome seg på skulen, seier Landro.

- Kva er ditt råd til foreldre og skule?

— Eit barn som ikkje klarar å gå på skulen er alle sitt ansvar. Mitt råd er at foreldre tar kontakt med skulen så tidleg som råd, og at skular har gode rutinar for å registrere og fange opp fråvær. Skulen kan lage ein plan i samarbeid med helsesøster, og eventuelt kan PPT kontaktast. Dersom det er alvorlege problem, kan barnet bli henvist til barne- og ungdoms-psykiatrien.

Både foreldre og barn har ofte mykje skam knytt til skulevegring.

— Mange trur dette er eit problem dei er aleine om. Slik er det jo ikkje.

Å bli skulevegrar tar tid. På same måte er det heller ikkje gjort over natta å «avprogrammere» skulevegraren.

— Det må ein ha respekt for. Ein elev som har vore vekke i lengre tid, vil ofte så gjerne tilbake til skulen, men klarar det ikkje. Alle «vondt'ane» kjem tilbake i løpet av natta, når skuledagen nærmar seg, fortel Landro.

Vaksne må bli flinkare til å snakke med, ikkje til barn, og ta dei med på råd. Ofte har barna løysingar på sine eigne utfordringar

— Kanskje kan barnet i løpet av ei skuleveke berre få kome innom skulen ei kort stund og helse på læraren eller vener, og så gå heim igjen.

SKULK: Skulevegring kan fort balle på seg. Vi kjenner til at barn kan ha fråvær frå 40 til 120 dagar. Når eit barn er borte så lenge, mistar dei sosiale kodar, vener, fag - alt det skulen representerer. FOTO: Scanpix
Roald, Berit