Vegen til sunnare drift ligg i marknadsføring på internett og satsing på individuelt reisande nordmenn, meiner bransjeorganisasjonen.

— Det er ein mykje sterkare tendens til ustadig drift ved distriktshotella no enn før. Årsaka er dels prispress frå kjedehotella i byane, dels at trafikken har funne nye vegar gjennom store reiselivsportalar på internett. Kvart hotell må sørgja for å vera synlege i søkemotorane, seier fagsjef i NHO Reiseliv, Bjørn Ketilsson til Bergens Tidende.

— I framtida ser eg føre meg ein tendens til at meir individuell turisttrafikk vil prega bildet. Der ligg utfordringa for marknadsføringa i utlandet. Vi ser óg at norske gjester blir meir og meir attraktive, dei betalar godt og har fått auka ferie. Kurs og konferanse er ikkje så viktig for hotellbransjen som mange trur, det utgjer berre rundt 15 prosent av marknaden, seier Bjørn Ketilsson.

— Hotella må definera marknadspotensialet sitt etter kvar dei ligg. Hotelldrift på Vestlandet er like mangfaldig som sjølve livet, seier Marit Orheim Mauritzen, ein av nestorane i hotellbransjen og eigar av tradisjonsrike Hotel Mundal i Fjærland i Sogn.