Hardast går det ut over dei minst trafikkerte strekningane, og passasjerane vil merke stenging eller kortare opningstid på kioskar samt redusert vareutval.

— Styret har sagt at denne delen av verksemda skal gå i balanse, seier leiar for ferjedivisjonen i FSF, Svein Solheim.

Styret i FSF er sett saman av ei rad profilerte politikarar og næringslivsfolk frå Sogn og Fjordane blant andre Knut O. Aarethun (Ap) og styreleiar Jarle Skartun (Sp). Selskapet er heileigd av dei to fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

I dag skal FSF møte representantar for mannskapet om bord på M/F «Fjalir» for å drøfte saka. Han reknar med at den endelege løysinga er klar i løpet av september.

— Vi kan ikkje drive internforpleiing og kiosk med fleire hundre tusen kroner i årlege underskot på eit samband, seier Solheim.

— Men vi er villige til å subsidiere ein god del, og er opne for konstruktive framlegg frå dei tilsette.

Ifølgje Solheim har planane om innsparingar på dette feltet eksistert i selskapet i fleire år, og også eksterne konsulentar har vore inne i prosessen.

— Vi har overskot på restaurasjon på dei største sambanda, og brukar av dette til å subsidiere dei dårlegaste.