BJØRNAR SØRHEIM

Tidlegare i år kunne Bergens Tidende melda om 900 skademeldingar etter januarstormane. Dei fleste skadane var forårsaka av stormflo eller vind.

— Me står i fare for å få vær me ikkje er førebudd på. Difor meiner eg Noreg bør satsa meir på forskinga på bølgjeulykker, seier forskar Jørgen Krokstad ved Stiftelsen for Industriell og Teknisk forskning (SINTEF).

Forskar ved Meteorologisk institutt i Bergen, Magnar Reistad, er samd.

— Det er ein del ting som tyder på at me vil få meir ekstremt vær i framtida med høgare bølgjer langs kysten. Global oppheting som vil føra til klimaendring og meir ekstremt vær, til dømes.

Større øydeleggingar

Krokstad spår at me i framtida kan få større skader på konstruksjonar både i Nordsjøen og langs kysten.

— Det er hovudsakleg snakk om moloar og eldre landkonstruksjonar, men også havbotnkonstruksjonar, seier han.

Verken Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Norsk Naturskadepool, eller Kystverket har direkte planar for forsking på dette området på trappene.

Krokstad meiner ein bygger ned på kompetansen på dette området og er ikkje i tvil om kvifor.

— Også forskarmiljøet skal verta kommersialisert.

For å løysa problemet, ser Krokstad for seg ei blanding av private og offentlege aktørar.

Interessert

Forsikringsselskapa er positive.

— Alt rundt skadeutsiktene er interessant for oss, og ein skal ikkje sjå vekk frå at me kan vera interessert i delta i eit slikt prosjekt seier Informasjonssjef i If Skadeforsikring, Jack Frostad.

Heller ikkje Gjensidige som hadde utbetalingar på om lag 10 millionar kroner på skader etter januarstormane, er framand for tanken på eit samarbeid med Staten.

— Alt arbeid som kan unngå at våre kundar vert utsett for skader er i vår interesse, seier Nina Mikkelsen i Gjensidige Forsikring.