• Alt er lov i ein naudsituasjon, men du kan ikkje basera deg på det, seier Erik Sætre, overingeniør i Vegdirektoratet. Han vil finna ei løysing for Borgundøy-ambulansen.

Sætre synest ikkje det går an at alvorleg sjuke pasientar blir frakta på traktorsvans i kalde vinternatta, slik Bergens Tidende fortalde tysdag denne veka.

Overingeniøren har høyrd liknande historier frå andre stader i landet, og meiner det må vera muleg å finna ei løysing for øya med 120 innbyggjarar i Kvinnherad.

— Helseføretaket må vurdera behovet for ambulanse. Dersom det ikkje let seg gjera, finst det noko som heiter køyrety med løyve for transport av funksjonshemma. Dei har plass for liggestol og rullestol. Det kan vera ei mulegheit, seier Sætre.

Ulikt tilbod på øyane

Han vil difor anbefala drosjesjåfør Sverre Johnny Bjellebø på Borgundøy om å søkja om eit slikt løyve.

— I prinsippet kan han gjera ambulansen om til ein drosje med løyve for transport av funksjonshemma. Då må bilen byggjast om etter dei krav som gjeld for desse køyretya. Meir føremålstenleg ville det truleg vera å kjøpa ein kombibil med utstyr for rullestol og båre, seier Sætre.

For øykommunen Kvinnherad er ambulansetilbod for innbyggjarane eit vanskeleg tema. Borgundøy med 120 innbyggjarar, Fjelberg med 15, Snilstveitøy med 20 og Skorpo med berre sju fastbuande har ikkje anna tilbod enn luftambulanse eller ambulansebåt.

På Varaldsøy, der det bur kring 280 menneske, har øyfolket derimot fått ambulanse etter eit politisk vedtak i Kvinnherad kommune. Tilskotet er på heile 300.000 kroner i året.

Blått lys for Varaldsøy

— Det er eit politisk ønske om at det skal vera godt å bu på øyane, men me har ikkje høve til å gje tilsvarande løyving til Borgundøy. Dette er eigentleg ikkje kommunen sitt ansvar, men Helse Fonna sitt, seier Asbjørn Skår, kommunalsjef i Kvinnherad kommune.

Han har allereie fått varsel frå Helse Fonna om at det brenn eit blått lys for sjukebilen på Varaldsøy.

— Går me vidare med slike ordningar, vil andre øyar krevja det same. Då kjem me i eit dilemma, seier Skår. Han er difor svært oppteken av å finna løysingar på tvers av stivbeinte forskrifter.

— Me har forståing for at Helse Fonna ikkje kan oppretta ambulansar på alle øyar, men det må vera muleg å finna løysingar for verdig transport av sjuke. Å få ein båre i ein drosjebil burde vera kurant, meiner Skår.

LENA VERMEDAL