– Vi må akseptere at det blir tatt noko husdyr av streifande rovdyr. Vi skal ikkje akseptere mykje, men vi må nok ha ein situasjon der rovdyret gjer større skade enn dette før det blir gitt fellingsløyve, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

Store rovdyr skal ikkje yngle i Sogn og Fjordane. Medan jerv siste åra har gjort veldige innhogg i saueflokkane i Indre Sogn, har bjørn ikkje vore noko problem på årevis. I år er det 50 år sidan siste bjørnen blei skoten i fylket. Det var i Leirdalen i Luster. Eit jaktlag på 11 menn frå Leirdalen og Jostedalen spora opp bamsen som hadde gjort stor skade på bufe i eit større område. Berre i Leirdalen hadde den teke livet av kring 50 sauer.

Ifølgje fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane var det Sverre Leirdal som skaut bjørnen. Jaktlaget kunne kassere inn fleire tusen kroner i skotpremie. I dagane etter blei slagbjørnen køyrt rundt i sognebygdene og vist fram for publikum. Bjørnen blei stoppa ut og utstilt i kraftstasjonen i Fortun.

Men noko ny bjørnejakt blir det ikkje før dagens bamse har drepe fleire husdyr.

– Vi ser an korleis dette utviklar seg. Blir han verande og held fram med å gjere skade, har vi eit fellingsløyve vi kan bruke. Og det er ikkje så mykje som skal til, seier Yndesdal.