Jakobsen, som har 20 års erfaring i bystyret og åtte år i fylkestinget, seier til Kystradioen at desse tre partia har tradisjon i Bergen for å ta ansvar i store saker og nemner bompengeringen og Bergensprogrammet som døme på dette. Ifølgje Jakobsen må byrådet i neste kommuneval skaffa seg fleirtal. Byrådsleiarkandidat for Arbeidarpartiet, Anne-Grete Strøm-Erichsen, er ikkje villig til å gå inn i samarbeid med Høgre.

Ifølgje henne er det for store ideologiske skilnader mellom Arbeidarpartiet og Høgre. KrF har allereie gjort det klart at partiet støttar den koalisjonen Jakobsen tar til orde for.