EYSTEIN RØSSUM

Nå er 38-åringen meldt til politiet av Bergen kommune. Frå 1998 til 2004 meiner kommunen å kunne dokumentere at mannen fekk utebetalt til saman 585.000 kroner for mykje i sosialstønad. Pengane vart gitt som støtte til livsopphald og husleige.

Det dei tilsette på sosialkontoret ikkje visste då dei sa ja til utbetalingane, var at mannen samtidig dels var i lønna arbeid, dels gjekk på rehabiliteringspengar frå det offentlege.

— Ekstraordinært mykje

Ei utskrift av likninga viser at mannen eitt av dei aktuelle åra hadde tent nesten 200.000 kroner. Då var sosialpengane ikkje medrekna.

— 585.000 kroner er eit ekstraordinært stort beløp. Eg kan ikkje hugse at vi har vore i nærleiken av noko slikt tidlegare, seier kommunaldirektør Finn Strand, som har levert meldinga til politiet.

— Sosialhjelp kjem etter at alt anna er prøvd, og skal vere det siste tryggingsnettet. Andre offentlege ytingar skal trekkjast frå eventuell sosialutbetaling, seier Strand.

Fem personar meldt

Byrådsavdeling for helse og omsorg har i alt meldt fem personar for urettmessig heving av sosialstøtte. Også dei fire andre har fått pengar frå det offentlege parallelt:

n 42-åring: Fekk dels lønn, dels sjukepengar samtidig med sosialstøtte. 52.000 kroner for mykje utbetalt. .

n 20-åring: Fekk etableringsstønad og støtte til husleige og livsopphald frå sosialkontoret. Fekk samtidig stønad frå Statens lånekasse for utdanning. 45.000 kroner for mykje utbetalt.

n 33-åring: Fekk pengar til husleige og livsopphald samtidig som han fekk på dagpengar frå Aetat. 40.000 kroner for mykje utbetalt.

n 20-åring: Fekk sosialstøtte i tillegg til pengar frå Statens lånekasse for utdanning. 81.000 kroner for mykje utbetalt.

Ønskjer felles register

I fjor vart 21 personar i Bergen kommune meldt for liknande brotsverk. Rekorden i fjor var på 280.000 kroner.

— Vi sjekkar dei som ber om støtte opp mot både trygdeetaten, køyretyregister og andre offentlege register. Men når folk er i arbeid og aktivt går inn for å svindle oss, blir det vanskelegare, seier kommunaldirektør Strand.

Politioverbetjent Rolf Hegland ved økonomiavsnittet ved Bergen sentrum politistasjon kunne ønskje seg ei betre samordning av dei ulike registra.

— Eit felles register for alle slike ytingar hadde vore ein fordel, seier Hegland.

Streng straff

Kommunaldirektør Strand trur den planlagde styrka samordninga av sosialytingar med Aetat og Trygdeetaten vil gjere kontrollarbeidet enda meir effektivt i åra som kjem.

— Men vi kan ikkje seie at vi meiner dette er eit aukande problem, seier Strand.

Han understrekar at alle dei fem sakene som nå er meldt skal etterforskast av politiet, og at ingen er dømt ennå.

Det er sosialklientane sjølve som pliktar å gi opp kva slags inntekter dei har. Straffa for å halde tilbake opplysingar er streng.

— Dei fleste som blir dømt får fengselsstraff utan vilkår, seier politioverbetjent Hegland.