• Etter å ha høyrd aktors innleiing, verkar det som om lufta har gått litt ut av saka, seier Arild Sondre Sekse, informasjonssjef i HSD.

EYSTEIN RØSSUM

ARNE COLLIANDER

— Granskingskommisjon, politi, statsadvokat og Riksadvokat har arbeidd med dette i tre år. Så oppdagar dei i siste sving kva reglar som gjeld. Det gjer at vi må stille spørsmål ved statsadvokatens evne til å forstå regelverket. Det som har hendt er ganske oppsiktsvekkande, seier Sekse.

Samtidig legg han ikkje skjul på at HSDs intensjon frå første stund var å byggje både «Sleipner» og «Draupner» etter det nye regelverket - reglar som dei no slepp å vise at dei har respektert.

— Uansett vil HSD alltid kjenne eit stort ansvar for «Sleipner»-ulykka. Men vi meiner vi har følgd dei reglane som gjeld til punkt og prikke, seier Sekse.

Han seier at selskapet hadde tenkt å bruke forvirringa rundt datoen for kjølstrekkinga i sitt forsvar.

— Vi oppdaga korleis det hang saman i sommar. Så ringde statsadvokaten i førre veke og sa at dei hadde droppa dette punktet, seier Sekse.

Statsadvokat og aktor Eirik Stolt-Nielsen ville i går ikkje kommentere om bortfallet av det eine tiltalepunktet svekkar påtalemaktas sak.

— Eg vil ikkje vege tiltalepunkta opp mot kvarandre, seier Stolt-Nielsen.

Begge dei to opprinnelege tiltalepunkta mot HSD har ei strafferamme på tre månaders fengsel, eventuelt bøter. Fengselsstraff er utelukka, i og med at det handlar om HSD som selskap.

— Det treng ikkje bety så mykje at det eine av to punkt blir droppa, i og med at strafferamma er lik. Men tiltalen har i alle fall ikkje vorte meir alvorleg etter dette, seier Svein Slettan, førsteamanuensis i strafferett ved Universitetet i Oslo.