TERJE ULVEDAL

Jakhelln er ein av dei fremste ekspertane i landet på forvaltningsrett, og styrer Institutt for offentlig rett ved Universitetet i Oslo. Han meiner ei så omfattande sak som endra ambulansetilbod i Sogn og Fjordane, skulle vore sendt på høyring.

— Lova slår heilt klart fast at helseføretaka skal følgje forvaltnings- og offentlegheitslova. Då må dei også følgje dei vanlege reglane for god forvaltningsskikk, seier Jakhelln.

Bak stengde dører avgjorde styret for helseføretaket i Sogn og Fjordane sist veke å leggje ned ambulansestasjonen i Balestrand, og redusere beredskapen i Aurland og Selje. I dei berørte kommunane ante ingen noko før dei fekk vedtaket servert gjennom media. Ingen hadde fått informasjon eller var tatt med på råd.

Fungerande styreleiar i Helse Førde, Kjell Opseth, forsvarar måten avgjerda blei tatt på:

— All den tid vi opprettheld og forbetrar tenesta, fann vi ut at det ikkje var grunn til å sende saka på høyring. Rett nok vil det enkelte plassar ta lenger tid for ambulansen å nå fram. Men det skal vi kompensere med betre kvalitet. Ambulansane skal få betre utstyr, og personellet betre utdanning.

Den kontroversielle avgjerda har sett ny fart i debatten om styringa av sjukehusvesenet på Vestlandet. Etter at staten tok over sjukehusdrifta, har styrande organ i Helse Vest lagt seg på ein profil der styremøta går for stengde dører. Sakspapir blir unntatt det offentlege og rapportar haldne hemmelege.

— Vi var ikkje inne i prosessen i det heile. På meg verkar dette som reinaste diktatorstyret, seier ambulansebileigar Tage Ese i Balestrand. Han har alt fått oppseiing frå Helse Førde, og må bu seg på at einaste ambulansestasjonen i kommunen blir avvikla 1. april 2003. Også i kommuneleiinga er reaksjonane sterke.

— At eit vedtak som har så store konsekvensar, blir fatta utan at kommunen blir høyrd er veldig uheldig, kommenterer ordførar Åse Kari Einevoll.

Alt 10. april vedtok styret i Helse Førde å gå gjennom ambulansetenesta i fylket med tanke på kostnadskutt og endra struktur. Grunnen var at helseføretaket hadde for lite pengar til å oppretthalde nivået som var før staten tok over sjukehusdrifta.

Like etter var ei arbeidsgruppe, utan representantar for personellet som utfører ambulansetenesta, i sving.

— Først etter at saka var avgjort fekk vi informasjon, seier Leif-Otto Halland, talsmann for dei private ambulansebileigarane i fylket.

1. september leverte dei sin rapport. Rapporten blei hemmelegstempla. Men på bakgrunn av arbeidsgruppas innstilling gjorde styret vedtak 16 dagar seinare.