Det fryktar styreformann, Thomas Brigsli Midtun.

Stopp for dugnad

Då tusenvis av fans hylla artisten Alan Jackson i fjor sommar var spelarar frå Bergen Storm blant vaktene som sørga for at alt det gjekk riktig for seg. Dette oppdraget aleine utgjorde om lag halvparten av inntektene som klubben hadde frå dugnad i fjor. Klubben er ikkje sponsa, så inntekter frå medlemskontigent aleine er ikkje nok til å dekke utgiftene.

No kan ny lov om vaktverksemd bety at spelarane ikkje lenger kan jobbe som vakter. Lova, som skal tre i kraft første januar neste år, krev nemlig at også vakter på kulturarrangement skal ha formell vektar-utdanning. Men ordlyden i dei endelege forskriftene er endå ikkje vedteke.

I ytste konsekvens blir det kroken på døra

Thomas Brigsli Midtun, Bergen Storm

Astronomiske utgifter

— 90 prosent av inntekta vi har utanom medlemskontigenten kjem frå vakt-oppdrag. Lova kan bety at vi sit att med nesten 400 000 mindre i inntekt, og vi har astronomiske utgifter til reising. Vi må jo reise for å finne andre lag som driv med amerikansk fotball, seier Midtun. Han meiner ytste konsekvens av den nye loven kan bli kroken på døra for klubben.

Håpet hans no er at ordlyden i den nye lova skal bli slik at vakter utan formell vektarutdanning framleis kan bidra på kulturarrangement, så lenge der også er vakter med utdanning til stades.

Det er ingen grunn til at konsertvakter skal vere mindre kvalifiserte enn dei som jobbar på kjøpesenter

Knut Fosli, Justis- og politidepartementet

Facebook-nei

Thomas Brigsli Midtun i Bergen Storm er ikkje aleine om å uroe seg for den nye lova. I haust vart det kjent korleis den nye lova kan få konsekvensar for utelivsbransjen, gjennom artiklar mellom anna i Aftenposten og Studvest.

Særleg kan det bli eit problem for utestadar som har vakter i frivillig arbeid, til dømes Kvarteret og Hulen i Bergen. Norsk Rockforbund, som representerer fleire rockeklubbar og konsertarrangørarar i Hordaland, følgjer no arbeidet den nye lova tett, og Facebook-gruppa «NEI til ny ordensvaktlov!!» har over tusen medlem.

Dette meiner Norsk Rockforbund om den nye lova

- Blir tryggare

Sjølv om den nye lova vart vedteke av Stortinget i fjor er det framleis rom for slingringsmonn i korleis vakthald skal regulerast. Eit viktig skilje for klubbar som Bergen Storm blir kva som skal reknast som «service» og kva som er «kontroll». Dei som skal utføre det siste må truleg ha den formelle utdanninga. Denne kan gjerast på kveldstid, vil vare om lag to månader, og koste rundt 30 000 kroner.

— Det er ingen grunn til at konsertvakter skal vere mindre kvalifiserte enn dei som jobbar på kjøpesenter. Lova vil styrke rettstryggleiken. Det vil framleis vere behov for frivillige til å dele ut brosjyrer og den type ting, seier Knut Fosli, avdelingsdirektør i Justis- og politidepartementet.

Sånn er det godkjente lovforslaget

Ukjent for NIF

At lova også kan få konsekvensar for idrettsklubbar er nytt for mange. Assisterande generalsekretær i Norges idrettsforbund (NIF) Øystein Dale, kjenner ikkje til problemstillinga. Det gjer heller ikkje Geir Johannessen, ansvarleg for lov og frivillig arbeid i NIF.

— Denne lova er ny for meg, men eg går ut frå at vi vil vere høyringsinstans. Eg veit jo at til dømes TIF Viking sine medlem ofte er med og bidrar på Koengen. Men om jobben dei gjer blir rekna som vakttenester veit eg ikkje, seier Johannessen, og lover at han vil finne ut kva dei konkrete konsekvensane av den nye lova kan bli.

— Vi har berre fått gode tilbakemeldingar på jobben vi har gjort til no, så eg håper vi får jobbe også på neste store konsertoppleving på travparken, seier Thomas Brigsli Midtun i Bergen Storm.

GIR SEG: Å spele for Bergen Storm kostar denne spelaren om lag 4000 kroner i året. Styreformannen i klubben trur spelarne heller vil slutte enn å betale meir. FOTO: Cecilie Eikås Nygård

Er ny lov om vaktverksemd nødvendig? Skriv di meining i kommentarfeltet under.

UROA: Styreformann i Bergen Storm, Thomas Brigsli Midtun er uroa for framtida. Her saman med trenar, Ryan Bethea. FOTO: Cecilie Eikås Nygård
- SKJER IKKJE: - Klubben blir ikkje lagt ned. Til det er vi for mange som brenn for den, seier Bergen Storm-spelar Mauricio Salazar (t.v.) Ignacio Peralta (t.h.) er einig: - Samholdet er veldig bra, vi klarer oss nok. FOTO: Cecilie Eikås Nygård