— Han ser fram til å få forklare seg. Han ser positivt på å få klarlagt det som hende, seier Halhjems advokat, Øystein Horneland.

Halhjem var den einaste på brua på «Rocknes» som overlevde forliset i Vatlestraumen for ei veke sidan, og er først ut når sjøforklaringa tek til på SAS-hotellet på Bryggen klokka 9.30 i dag. Der vil han bli møtt av eit massivt oppbod av journalistar og fotografar. Tingrettsdommar Ove Kjell Hole vil tillate fotografering og fjernsynsopptak i minutta rett før sjøforklaringa tek til, og alles augo og alle linser vil vera retta mot ein mann: Statslos Vermund Halhjem.

- Veit kva som ventar han

Halhjem har i veka etter forliset vore heilt skjerma for media, og har ikkje uttala seg om kva som hende i timane og minutta før forliset.

— Han er godt budd på det som skal skje. Han veit kva som ventar han, seier kystdistriktssjef John Erik Hagen, som har ansvaret for lostenesta på Vestlandet.

Saman med Halhjems fagforeining, Norsk Losforbund, har Kystverket organisert ei tett oppfølging av Halhjem i veka som har gått. Den næraste sjefen hans, losoldermann Rune Oldervik, har saman med ein loskollega vore tatt ut av vanleg teneste sidan ulykka. Einaste oppgåva deira har vore å ta seg av Halhjem.

— Dei har vore i lag med han kvar dag, og hjelpt han både i kontakten med politiet og i samband med oppfølging på Haukeland Sykehus, seier kystdistriktssjef Hagen.

— Halhjem er i god fysisk form, men er sjølvsagt prega av det som har hendt. Både han og kona har sagt at dei set pris på den hjelpa dei har fått, seier Hagen, som sjølv skal vitne under sjøforklaringa.

Meir enn 20 vitne

41 år gamle Vermund Halhjem hadde vore los om bord på «Rocknes» fleire gonger tidlegare, og var ifølgje kystdistriktssjef Hagen svært godt kjent i farvatnet der det gjekk gale.

Allereie same natta som redningsoperasjonen pågjekk forklarte Halhjem seg til politiet. Han har også seinare vore til politiavhøyr. Gjennom Norsk Losforbund fekk han tilgang til eigen advokat.

Ifølgje kystdistriktsjef Hagen har Halhjem status som vitne i politiets etterforsking av ulykka.

Det er i alt kalla inn over 20 vitne til sjøforklaringa, som er lagt til ein av salane på SAS-hotellet på Bryggen for å få plass til alle.

— Eg reknar med at det fort kan gå tre dagar før vi er ferdige, seier tingrettsdommar Ove Kjell Hole.

Fleire frå mannskapet skal forklare seg, blant andre dekksmaskinisten og ein dekksingeniør. Også kapteinen på redningsskøyta «Odd Fellow II» er kalla inn, som augnevitne til dramaet.

Sjøkartverket

Dei ansvarlege for lastinga ved Oster Pukk og Sand på Eikefet skal saman med dei som var med på bunkringa ved Esso-anlegget på Skålevikneset fortelje korleis skipet var lasta, medan ein representant frå Sjøkartverket skal gjere greie for kvifor det ikkje gjekk eige ut varsel om den nyoppdaga grunna i Vatlestraumen.

Også reiarlaget Jebsen Management, forsikringsselskapet Gard, klasseselskapet Germanischer Lloyd, som godkjende båten, og representantar for skipets flaggstat, Antigua og Barbuda, vil vere til stades.

Retten blir administrert av tingrettsdommar Ove Kjell Hole. Han har med seg to sjøkapteinar som sakkunnige rettsvitne: Leif K. Nordeide og Helge Standal.

Utspørjinga av vitna vil bli leia av sjøfartsinspektør John Ramsøy, med assistanse frå sjøfartsinspektør Finn Paulsrud frå Oslo. Også politiinspektør Svein Erik Krogvold, som leiar politiets etterforsking av ulykka, vil vera til stades.

OPP-NED: "Rocknes" ligger fortsatt opp-ned etter forliset mandag i forrige uke.
JAN M. LILLEBØ