— Min klient tykkjer rapporten er god og at konklusjonane er som forventa. Resultatet byggjer på dei fakta som kom fram i sjøforklaringa, seier Horneland.

Han meiner saka nå er tilstrekkeleg opplyst, og ser ikkje behovet for ei ytterlegare, uavhengig gransking.

— For det første vil det ta svært lang tid. For det andre tvilar eg på at det vil kome fram nye avgjerande moment ved ei ny gransking. Det vil sjølvsagt også vere ei påkjenning for klienten min dersom ein kommisjon skal gå i gang frå grunnen av nå, så lenge etter ulykka, seier Horneland.